Hopp til innhold

Inger Liv blei den første dama på toppen

Berre ein time og ti minutt brukte Inger Liv opp 1200 meter stigning frå Turtagrø til Fannaråkhytta. Dermed sikra ho sigeren.

Inger Liv Bjerkreim Nilsen, Vidar SK Team United 1.10.32

TOPPDAME: Inger Liv Bjerkreim Nilsen var raskast av damene opp til Fanaråken i dag.

Foto: Anne Jenny Dvergsdal

Inger Liv Bjerkreim Nilsen ( SK Vidar /Team United Bakeries) og Andrzej Dlugosz, Polen vann i dag den den 12. utgåva av motbakkeløpet Fanaråken Opp i Luster.

Det 8,4km lange motbakkeløpet med 1200m stigning frå Turtagrø til Fannaråkhytta 2068 moh vart arrangert av IL Fanaråk under gode løpsforhold med 440 deltakarar i mål ved Nord-Europas høgastliggjande turisthytte Fanaråkhytta.

Værmeldingane dagen før med regn og stiv kuling /liten storm slo ikkje til, derimot skinte sola og vinden var berre forfriskande. Det vart krystallklårt utsyn frå Fanaråken ned mot Lustrafjoden 2000 høgdemeter nedanfor, mot Skagastølstindane og Jostedalsbreen, opplyser arrangøren.

Løpsleiar Anders Fortun seier at værmeldingane nok hadde «skremt bort» mange trimmarar.

– Det har aldri tidlegare vore så lite etterpåmeldingar på løpsdagen. Det er nok mange som angrar på at dei ikkje deltok når dei ser dei flotte bildene og høyrer kor flott det vart. I konkurranseklassane derimot var det ikkje mange som brydde seg om værmeldingane, seier Fortun.

Andrzej Dlugosz

BESTEMANN: Andrzej Dlugosz var aller raskast opp til Fannaråkhytta i dag.

Foto: Anne Jenny Dvergsdal

Det vart heile 176 konkurranseløparar som fullførte løpet medan det var om lag 250 i trimklassa.

Den unge lokale løparen Geir Steig (19år), Luster IL /Joker Luster, imponerte med å bli nummer tre totalt og forbetra tida si frå i fjor med om lag tre min til 1.03.53.

Også Tommy Haga, Sogndal IL (Kl. 20-22år) gjorde sitt beste løp i Fanaråken Opp då han sprang i mål til 4. plass totalt med tida 1.04.17.

Topp seks, damer:
1. Inger Liv Bjerkreim Nilsen, Vidar SK Team United 1.10.32
2. Eva Jurenikova, Halden SK/Tsjekkia 1.17.16
3. Audhild Hestad, Gaular SK 1.17.40
4. Bodil Ryste, Gaular IL 1.23.28
5. Stine Aarstad, Ås IL 1.23.43
6. Margrete Ellingsbø, Orion friidrettsklubb 1.24.14

Topp seks, menn:
1. Andrzej Dlugosz, Polen 1.00.10
2. Joel Dyrhovden, Samnanger IL/Team Dyrhovden 1.03.30
3. Geir Steig, Luster IL /Joker Luster 1.03.53
4. Tommy Haga, Sogndal IL 1.04.17
5. Fredrik Eliasson, Halden Sk 1.04.17
6. Leif Bjørn Grindedal, Feios IL 1.06.11