Hopp til innhold

Dagens studentar finn løysingar for framtida

Salet av elbilar aukar, også her i fylket. Men er straumnettet i Sogn og Fjordane godt nok rusta til å lade opp alle bilane? Det sette ingeniørstudentar ved Høgskulen i Sogn og Fjordane seg som mål å svare på.

Ingeniørstudentar ved energi, elkraft og miljø ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, avdeling Førde

TAKLAR DEI ELBILANE?: Mariell Hermansen, Mie Neumann og Ove Ingvar Feidje er ingeniørstudentar ved Høgskulen i Sogn og Fjordane. Denne hausten har dei tre jobba med eit prosjekt som undersøker om straumforsyningane i Sogndal kan takle lading av elbilar.

Foto: Sogn og Fjordane / NRK

– Vi har sett på korleis elbilane vil påverke spenningskvaliteten i Sognekraft sitt nett, og så har vi sett på kor mange elbilar det vil vere plass til før spenninga blir for dårleg og dei må oppgradere nettet sitt, seier Mariell Hermansen, ingeniørstudent ved energi, elkraft og miljø ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, avdeling Førde.

Saman med Mie Neumann og Ove Ingvar Feidje har ho jobba sidan august med prosjektet som undersøker korleis lading av elbilar vil påverke distribusjonsnettet til Sognekraft i Sogndal.

Mie Neumann hadde sommarjobb i Sognekraft og fekk dermed ein fot innanfor bedrifta. Det førte til at gruppa hennar kunne jobbe med eit prosjekt med nettopp Sognekraft som oppdragsgjevar.

– Korleis er straumnettet i Sogn rusta til å ta imot elbilar, no og i framtida?

– Det vi har funne ut er at distribusjonsnettet er godt nok. Det kan bli eit problem i litt meir landlege strok med luftnett, men det kjem til å gå bra dei aller fleste plassane, fortel Neumann.

Hurtigladestasjon ved Coop Extra

Det studentane ville finne ut, var korleis bilane ville påverke straumnettet i privatbustader når folk kjem heim og skal lade bilen samstundes som dei skal lage middag, varme opp huset eller setje på ein klesvask.

– Nokre plassar vil spenningsfallet bli for stort, slik at det kan bli blink i lys og slikt, men i kabelnett kjem det til å gå bra, då kan folk kjøpe så mange elbilar dei berre vil, seier Neumann.

Medstudent Feidje trekkjer fram at det kjekke med studieter den praktiske retninga. Dei kan snart sjå nokre av konsekvensane av prosjektarbeidet ta fysisk form.

Ein del av prosjektet er nemleg å kome med ei anbefaling til kraftselskapet om kor dei bør setje opp hurtigladestasjonar.

– Vi vurderte fleire alternativ, og da var det mest logisk å plassere dei i tilknyting kjøpesenter. Problemet med lading av elbil er at det tek lengre tid enn å fylle bensin og diesel. Vi rår til at dei set opp hurtigladestasjon ved Coop Extra i Sogndal, seier Feidje.