Hopp til innhold

– Reisande tek streiken med fatning

Streikeråka flypassasjerar i så langt teke med fatning at dei ikkje kjem seg frå flyplassane i fylket.

Tomas og Mantas Joudziunas ventar i Florø.

MÅ VENTE: Tomas og Mantas Joudziunas likte dårleg å måtte bli sitjande å kjede seg på Florø lufthamn. – Streiken kom uventa, men det er ikkje noko vi kan gjere med, seier brørne.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Parat/Widerøes Kabinforening og NHO Luftfart/Widerøe vart ikkje samde i meklinga natt til onsdag.

Lufthamnsjef Siv Merete Stadheim

TA KONTAKT: Lufthamnsjef Siv Merete Stadheim seier Nordsjø-trafikken vil gå som normalt frå klokka 07, men ser ikkje vekk ifrå at også denne vil bli råka av Widerøe-streiken.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Dermed har 312 kabintilsette gått ut i streik frå onsdag av. Kring 400 avgangar og 11.000 passasjerar blir råka av streiken.

– Vi får opplyst at det førebels ikkje vil gå noko Widerøe-maskiner før klokka 12. Noko meir detaljar har eg ikkje, seier lufthamnsjef i Florø, Siv Merethe Stadheim.

– Ta kontakt

Streiken betyr at all flytrafikk til og frå Førde, Sandane, Sogndal og Florø blir stogga. For få dagar sidan la DAT, som var det einaste andre flyselskapet med ruter til fylket, ned si kommersielle rute mellom Florø og Stavanger.

(Artikkelen held fram under biletet)

Florø lufthamn

TOMT: Det blir liten trafikk til og frå Florø lufthamn i dag.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

I morgontimane onsdag møtte fem-seks reisande på lufthamna for å følgje Widerøe sine avgangar til Oslo og Bergen.

Arne Sigurd Mo

FATNING: Flyekspeditør Arne Sigurd Mo seier reisande som ikkje har fått med seg streiken, tek meldinga med fatning når dei kjem til Florø lufthamn.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Eg tykkjer dei har teke det ganske bra. Det har ikkje vore frustrasjon, seier flyekspeditør Arne Sigurd Mo.

Refunderer billettar

Widerøe har sendt varsel til alle sine reisande om streiken. Selskapet seier at ingen av deira reisande skal tape på streiken, og refunderer eller bookar om billettane til råka passasjerar.

Også ved flyplassane i Sogndal, Førde og på Sandane har reisande møtt opp til flyavgangar onsdag morgon.

– Eg trur dei har størst problem dei som skal vidare med andre selskap. Der er nok det aller meste fullt, seier Sylfest Ølnes ved sals- og informasjonsavdelinga i ved Sogndal lufthamn Haukåsen.

Skulle til Stavanger

I Florø er brørne Tomas og Mantas Joudziunas blant dei som skulle vidare med fly frå Bergen.

Tilsett i Parker Maritime skulle dei til Stavanger. Der ventar rapportar, data og sketsjar som skulle ferdigstillast.

– Det er kjedeleg for kundane våre. Dette betyr meir bortkasta tid og pengar, seier Tomas til NRK.

(Artikkelen held fram under biletet)

Tom rullebane i Florø

TOM: Her skulle Widerøe-flya ha letta og landa i dag.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Båt til Bergen

– Vi høyrde snakk om at det kunne bli streik i går, men trudde at dette ville ordne seg så vi vart blant dei heldige som kom oss av garde før streiken starta, fortel Tomas.

– No må vi ta båten til Bergen og vi håpar å kunne fly vidare med SAS. Eg veit ikkje heilt kva vi skal og kan gjere, held han fram.

– Vi har hatt tre-fire reisande som skulle vidare med andre fly, men som må komme seg til Oslo eller Bergen på anna vis. Situasjonen er sjølvsagt beklageleg for dei, seier Ølnes.

Reisande blir oppmoda om å ta kontakt med sine flyplassar for informasjon. Kundeservice kan hjelpe passasjerane å refundere eller booke om flybillettar.