Hopp til innhold

Ingen vil leie kontrollutval

Ingen vil leie kontrollutvalet i Vågsøy kommune.

Måløy sentrum
Foto: Ottar Starheim / NRK

Fyrverkeri Tall Ships Races Måløy
Foto: Eva Westvik / NRK

Utvalet er no inne i sluttfasen med å finne årsaka til at segelskutefestivalen Tall Ships races gjekk med 16 millionar kroner i minus.

Klar tilråding

Fylkesmannen kom på eit møte i går med ei klar tilråing om at nokon må ta på seg leiaransvaret, men det er det ingen av kommunestyrepolitikarane som vil.

Har ikkje fast leiar

Stikk i strid med tilrådinga frå fylkesmannen, har kontrollutvalet i Vågsøy bestemt seg for ikkje å ha ein fast leiar. Årsaka er at ingen vil ta på seg leiarvervet i utvalet. Det fortel Jorunn Sandal, på vegner av kontrollutvalet, som ikkje vil la seg intervjue. Sandal seier ho per i dag fungerer som talskvinne for Kontrollutvalet. Kven som fungerer som leiar i dag, kan ho ikkje svare på.

I sluttfasen

Fylkesmann Oddvar Flæte

Fylkesmann Oddvar Flæte

Foto: Cosmin Cosma / NRK

Utvalet er no i sluttfasen i arbeidet med å finne årsaka til Tall Ships-skandalen der segelskutefestivalen gjekk 16 millionar i minus. Det er ikkje vanleg at fylkesmannen har møte med kommunale kontrollutval, men eit slikt møte vart halde med kontrollutvalet i Vågsøy i går, fortel Fylkesmann Oddvar Flæte.

Diskuterte rollefordeling

- Vi gjekk gjennom ein del av dei formelle spelereglane. Kva eit kontrollutval skal gjere. Revisor var til stades og vi gjekk gjennom rolledeling med dei, seier Flæte.

-Og så diskuterte vi også avgrensing, for det er store forventingar til eit kontrollutval, men det er trass alt eit avgrensa område dei har høve til å gå inn på.

Skal informere kommunestyret

Sandal opplyser at Kontrollutvalet vil informere kommunestyret i dag om framdrifta i arbeidet. Ho reknar med at den endelege rapporten om Tall Ships Race-underskotet vil vere klar i slutten av januar. Kontrollutvalet vel leiar på kvart møte.