Hopp til innhold

Den verneverdige sorenskrivargarden kan få utanlandsk eigar

Ingen norske kjøparar har meldt seg til å kjøpe den verneverdige sorenskrivargarden Leikvin i Eid. No kan den få utanlandsk eigar.

Den verneverdige soren-skrivar-garden Leikvin i Eid kan no få utanlandsk eigar. Den privateigde kulturskatten har vore så dyr å vedlikehalde at eigaren må selje. 
Og så langt har ikkje norske kjøparar meldt seg.

UTAN NORSKE KJØPARAR: Etter å ha prøvd å selje sorenskrivargarden i tre år, kan det no vere ein utanlandsk kjøpar som snart står som eigar av det verneverdige bygget.

Den privateigde kulturskatten har nemleg vore så dyr å vedlikehalde at eigaren no må selje.

Han meiner det kanskje ikkje er så mange her i Norge som forstår verdien av dette.

Rune Rotevatn

– Det som har vore godt å få gjort er å få lagt nytt tak. Prisen på det var på 600.000 kroner. Så ein kan seie at dette ikkje berre har vore eit prosjekt basert på idealisme, men òg på ein del utgifter, fortel Rune Rotevatn som i dag eig sorenskrivargarden Leikvin i Eid.

I 40 år har familien hans tatt vare på kulturskatten. Dette er ein gamal bygning. Rotevatn fortel at den gamle ballsalen til dømes er ifrå slutten av 1700-talet, ein periode som var rik på dekorasjonar og utsmykkingar.

Prøvd å selje i tre år

Ein kan trygt seie at historia sit i veggane her. Rotevatn har prøvd å selje den verneverdige bygningen i tre år.

Rune Rotevatn

VIL SELJE: Rune Rotevatn.

Foto: Sindre Sunde Tveit / NRK

Han har prøvd både kommunen, fylkeskommunen og no staten til å ta over garden utan å lukkast. Med mangel på kjøpar og millionar i gjeld, ligg eigedomen no ute for tvangssal. Gjelda har han fått av å halde Leikvin ved like.

Men no har éin mogleg utanlandsk kjøpar meldt si interesse.

– Han meiner det kanskje ikkje er så mange her i Norge som forstår verdien av dette, men eg trur veldig mange forstår verdien. Utfordringa ligg i det å ta på seg det ansvaret det er å skulle eige dette, seier Rotevatn.

Les meir om sorenskrivargarden i fylkesleksikonet.

Må takast vare på

For kommunen er det viktig at Leikvin blir bevart av ein ny eigar, uansett kor kjøparen kjem frå.

– Det er ein bygning som det er viktig at ein tek vare på og ikkje minst bli tilgjengeleg og få eit varig og godt eigarskap for framtida, seier ordførar i Eid, Alfred Bjørlo.

– Dette er eit nasjonalt kulturminne som har ein enorm verdi. Difor vil det vere ei fantastisk moglegheit både for det offentlege og private å ta over, men det er sjølvsagt at det må takast vare på, seier Rotevatn.

Leikvin, Eid

STASELEG: Den gamle sorenskrivargarden har mykje historie å by på.

Foto: Sindre Sunde Tveit / NRK