Hopp til innhold

Ingen Norges-rekord, men ei kosleg stund for ungane likevel

Florøværingar er kanskje ikkje mest kjende for å sette sitt lys under ei skjeppe. Laurdag hadde dei intet mindre sett seg som mål å sette Norges-rekord i Lucia-tog.

Lucia-opptog i Florø

rEKORDFORSØK: I Florø forsøkte dei laurdag å lage Norges lengste Lucia-tog.

Foto: Truls Kleiven

– Det gjekk vel eigentleg ganske bra. Dei blei nok ikkje noko rekord, men no var det strengt tatt ikkje det som var poenget heller. Det vi ville var å skape positive opplevingar for den oppveksande generasjonen knytt til Florø sentrum, seier Roger Arne Eikerol Bareksten som er dagleg leiar i Bye vår Florø. som stod for arrangementet.

For skal ein vere heilt ærleg, og det bør ein vel gjerne vere i desse juletider så mangla det bitte litt på Norges-rekorden sånn om lag rundt 1000 personar.

 I Florø forsøkte dei laurdag å lage Norges lengste Lucia-tog.

– Vi gjorde ikkje noko finteljing. Vi hadde avtalt at dersom vi var i området rundt 1200 så skulle vi telje skikkeleg, men eg antar vi var kring mellom 200 og 300.

Det la likevel ingen dempar på dei som møtte fram, sjølv om vêret i føremiddag kanskje er noko av forklaringa på at det ikkje møtte fram like mange som arrangørane hadde håpa på.

– Det sludda sidelengs ei stund i føremiddag, men då toget gjekk var vêret fint. Florø har vel ei av dei siste tradisjonelle handlegata i fylket så vi fekk ei fin ramme rundt opptoget.

Dette var første gongen dei blei arrangert felles Lucia-tog i Flora, men ikkje siste gongen seier Bareksten.

– No veit eg at Brummundal og skulle gjere eit rekordforsøk også i dag så kanskje må vi strekke oss endå lenger enn 1214 personar neste år.