Ingen meldingar om rømming

Fiskeridirektoratet har førebels ikkje fått meldingar om rømmingar frå oppdrettsanlegga under stormen, seier seniorrådgjevar Geir-Martin Kvamme. Det er fleire anlegg langs kysten og rømmingar har tidlegare vore problem i kraftig vind. Kvamme seier mange anlegg no blir undersøkt for rømmingar.