Kontrollkomiteen kjem ikkje med kritikk av Navarsete i tunnel-saka

Kontrollkomiteen på Stortinget kjem ikkje med kritikk av Liv Signe Navarsete si handtering av tunnelsaka i Lærdal. Det kjem fram i innstillinga frå komiteen når saka skal behandlast av Stortinget førstkomande torsdag.

Solhjell og Navarsete

INNSTILLING: I dag vart det klart at Kontrollkomiteen har innstilt på at tunnel-saka kjem opp i Stortinget.

Foto: Montasje: NRK

Derimot vert spørsmålet om kor vidt det er rett av ein statsråd på oppseiing å ta avgjerder i omstridde saker tema.

I januar i år det vart sett kritisk søkjelys på dei tidlegare statsrådane Liv Signe Navarsete og Bård Vegard Solhjell sine roller i samband med at ei fire kilometer lang strekning på E16 gjennom Navarsete si heimbygd, Lærdalsdalen, vart vedteken lagt i tunnel.

Venstre kritisk

Vedtaket om å legge E16 i tunnel vart gjort etter at Stoltenberg-regjeringa hadde kasta korta, medan ein venta på at Solberg-regjeringa skulle ta over. Navarsete tok direkte kontakt med Solhjell som skulle avgjere saka, om at vegen burde leggast i tunnel. Venstre-politikar Abid Raja, som sit i Kontrollkomiteen på Stortinget, var kritisk til det skjedde.

Abid Raja

UFORSVARLEG: Dei raudgrøne har handla uforsvarleg, seier Venstre-politikar Abid Raja.

Foto: Karlsen, Anette / NTB scanpix

–Det er ein veldig spesiell framgangsmåte av dei raudgrøne. Berre dagar før dei går av gjennomfører dei denne lukka prosessen med ei tunnelløysing som kostar 400 millionar kroner ekstra. Det er uforsvarleg, sa Raja mellom anna.

"Lite skjønnsomt"

Martin Kolberg

ANGREP: Det er eit politisk angrep for å skade Navarsete og Solhjell, seier Martin Kolberg.

Foto: Øijord, Thomas Winje / NTB scanpix

Kontrollkomiteen på Stortinget kjem ikkje med kritikk av Navarsete si handtering, men Høgre, Framstegspartiet og Venstre fekk under behandlinga inn ein protokolltilførsel om at Solhjell hadde handla lite "skjønnsomt". Dei påstod at det ikkje var god forvaltningsskikk å gå inn for den svært kostbare tunnelløysinga medan Stoltenberg-regjeringa sat på oppseiing.

Martin Kolberg (Ap) nektar å godta kritikken og avviser at verken Solhjell og Navarsete har gjort noko gale.

– Nei, det har dei ikkje. Dette var eit politisk angrep for å skade Liv Signe Navarsete og Bård Vegard Solhjell, seier Kolberg.

Avviser kritikken

Michael Tetzschner

IKKJE ANGREP: Tetzchner avviser at dei blå partia ville skade dei raudgrøne toppane.

Foto: Roald, Berit / SCANPIX

Michael Tetzschner, Høgre sin representant i Kontrollkomiteen på Stortinget, avviser at dei blå partia har teke opp saka for å på skade Navarsete og Solhjell. Tetzschner har følgjande grunngjevinga for å dei blå partia reagerte.

– Fordi regjeringa har som køyreregel at når ho sjølv går av, så er det berre heilt naudsynte avgjerder som må takast. Dette var ei stor og politisk betent sak, med store økonomiske følgjer, som mellom andre Statens vegvesen var imot. Ei sak der det har vore utøvd dårleg skjønn, seier Tetzschner.

Kolberg ser fram til behandlinga i Stortinget.

– Vi får sjå kva som skjer i stortingssalen den 19. juni. Dersom kritikken frå dei blå blir halden oppe, må Regjeringa stadfeste eller avkrefte om dei ønskjer ein ny praksis. Då vil vi få ein viktig og tung diskusjon i Stortinget, seier Kolberg.

Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.
Å levera lekser på nett er ikkje lett når internett-tilgangen er dårleg. 
Men det ER realiteten for mange skuleelevar i distrikta. 
Skilnadane er store, trass i at bruk av data får ein stadig større plass i skulen.