Hopp til innhold

Ingen god dag for Ann Kristin

Ann-Kristin Aafedt Flatland sleit seg inn til 23.plass i verdscupen i dag.

Ann Kristin Flatland

23.PLASS: Ann- Kristin Aafedt Flatland kom langt ned på lista under løpet i Presque Isle søndag.

Foto: Junge, Heiko / Scanpix

Det vart Tora Berger som stakk av med sin sjette siger for sesongen i søndagens jaktstart i USA.

Langt nede på lista

Men dei andre norske jentene var ikkje like gode. Neste norske utøvar kom på 19.plass. Deretter kom Ann Kristin Aafedt Flatland som nummer 23. Fanny Welle-Strand Horn fekk 36.plass.

Det var svært vanskelege forhold under rennet i dag.

LES BLOGGEN TIL ANN-KRISTIN HER

Berger størst i cupen

Berger er no kanskje den største favoritten i VM i Khanty-Mansijsk som startar om ein månad. Trass i at fleire andre gjekk betre enn Berger under løpet søndag, skaut skiskyttaren frå Lesja betre, og fekk dermed sigeren.

SKISKYTTAREN HAR 902 FANS PÅ FACEBOOK

Etter nyttår har Berger vore fullstendig overlegen i verdscupen for kvinner:

16. desember: Vann normaldistansen i Poklijuka
15. januar: Vann sprinten i Ruhpolding
16. januar: Vann jaktstarten i Ruhpolding
21. januar: Vann sprinten i Anterselva
23. januar: Vann fellesstarten i Anterselva
4. februar: Vart nummre to i sprinten i Presque Isle
6. februar: Vann jaktstarten Presque Isle

Video Litt heldig Berger vant jaktstarten
Foto: Nyhetsspiller