Hopp til innhold

Ingen bombe i kofferten på Myrdal

Politiet fann ingenting farleg då dei undersøkte kofferten som vart ståande att på Myrdal stasjon måndag ettermiddag.

Arkivfoto frå Myrdal stasjon
Foto: NRK

Togtrafikken mellom Geilo og Voss vart stogga då ein tilsynelatande mistenkjeleg koffert vart sett av på stasjonen i 14-tida. Kofferten vart funnen på morgontoget frå Oslo til Bergen.

Men politiet fann ingenting etter at to ekspertar og ein hund frå bombegruppa til Oslo-politiet vart flogne inn med helikopter for å undesøkje kofferten. Den mystiske kofferten vart plassert i utkanten av stasjonsområdet, medan dei tre personane på stasjonen vart bedne om å halde skiløparane i området på god avstand.

Eigaren melde seg

Medan politiet dreiv med bombejakt på Myrdal, tikka det inn ei etterlysing av ein koffert til politiet i Bergen. Etterlysinga kom frå ein mannleg passasjer på morgontoget.

- Innhaldet stemte med det mannen som eig kofferten har fortalt til oss, seier politiadvokat Magnar Austrheim til NRK Sogn og Fjordane.

Rutine hos NSB

NSB har rutine for å melde frå til politiet viss det vert oppdaga bagasje som tilsynelatande ikkje har nokon eigar.

- Vi ønskjer å vere føre var. Det er jo litt spesielt at ein koffert vert ståande att åleine på toget, sa Austrheim, medan folka hans leita i bagasjen på Myrdal.

Jernbanelinja forbi Myrdal er no opna igjen for trafikk.