Hopp til innhold

– Det blir ikkje noko «all right» kveld og natt

Det kan bli store utfordringar på fjellovergangane i Sør-Norge det neste døgnet. – Det er kortvarig det som skal treffe oss, men det blir ganske kraftig, seier statsmeteorolog Anne Solveig Andersen.

Dårleg sikt over Hemsedalsfjellet

DÅRLEG SIKT: Det kan bli dårleg sikt og stengde fjellovergangar fredag kveld og natt til søndag. Kraftig vind og nedbør er venta å setje sitt preg på Sør-Norge det neste døgnet.

Foto: Trude Ramstad

Vêrvarslinga på Vestlandet har sendt ut OBS-varsel for vestlandsfylka. Eit lågtrykk er på full fart mot kysten og vil treffe land fredag kveld.

Statsmeteorolog Solveig Andersen seier vinden blir kraftigast på kysten og i fjella i Sør-Norge.

– Ja, det blir mykje vind og nedbør som gjer at vi får vanskeleg køyreforhold i fjella. Det blir ikkje noko «all right» kveld og natt, seier Andersen.

Full storm i sør

Andersen fortel at vinden i starten kjem i vestleg retning, men vil etter kvart gå over på nordvest utover kvelden.

Sogn og Fjordane slepp truleg best ifrå det med liten storm på kysten og i fjellet, og opp mot 40 millimeter nedbør.

– Eg trur nesten vinden blir kraftigare i Rogaland og Hordaland. Der er det sagt full storm, men eg vil tru at også dei på Austlandet vil merke kraftige vindkast i natt, seier statsmeteorologen.

Godt med nedbør

Sør for fjordfylket viser prognosane opp mot 70 millimeter nedbør.

– Den vil først komme som frontnedbør og så går over til bygevêr. Då går temperaturen litt ned og snøgrensa går litt ned. Utover dagen i morgon kan komme snø- sluddbyer ganske så lågt, seier Andersen.

– Så det er vinden som vil skape mest uro det neste døgnet?

– Når du får nedbør som snø i fjellet og snøfokk og vind, så blir det kjipt rett og slett.

Stengde fjell

Dermed kan det bli stengde fjellovergangar utover kvelden og natta i Sør-Norge.

– Det kan ein gjerne bu seg på, men det blir som sagt kortvarig. Det vil gradvis roe seg utover dagen i morgon. Det verste vil vere i kveld og natt til i morgon, seier Andersen.

Laurdag er det håp om at skydekket kan sprekke opp, før eit nytt frontsystem veltar seg innover vestlandskysten på søndag.

– Då blir det grått og nedbør att, avsluttar Andersen.