Industrikrafta omsider på plass

Fleire år på overtid fall i dag siste brikke på plass for det nye industrikraftregimet til regjeringa.

Årdal Metallverk 2009-2
Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Staten garanterer no for at industrien skal få kjøpe billeg kraft.

Stortingsrepresentant Ingrid Heggø i Arbeidarpartiet er letta over å endeleg kunne oppfylle det gamle valløftet.

– Det har teke lang tid, men ingen klarar ta frå meg gleda av å ha fått det på plass. Eg er veldig lukkeleg for at vi klarte å få det på plass innan denne perioden.

Lova industrikraft lenge

Arbeidarpartiet har lenge lova eit nytt regime for industrikraft, og har fått massiv kritikk frå fagrørsla for at den ikkje er komen på plass.

Men i innspurten av valkampen kan endeleg stortingsrepresentant Ingrid Heggø presentere den siste biten som mangla, nemleg ein statleg garanti på 20 milliardar kroner.

Ingrid Heggø.

Ingrid Heggø

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

– Dette er garanti for kraftkjøp. Det er lettast å samanlikne med viss du kjøper eit hus, og du ikkje har ei garantiordning. Då må mor og far stille opp med kausjon. Slik blir det her også, berre at det er staten som stiller med garantien.

– Kvifor har det teke så lang tid å få på plass ?

– Vi har møtt mange hindringar undervegs, som vi ikkje var klar over, som vi har måtte gå rundt. Vi har fått på plass ein og ein bit av gangen. Dette er siste delen i det.

Sjå også Får ikkje subsidiere industrikraft , - Heggø må beklage og Skuldar regjeringa for løftebrot .

Gagnar mange

Ho trur dette vil gagne fleire industrisamfunn i fylket.

– For Høyanger og Svelgen, som treng meir kraft, kan dei no gå ut å kjøpe kraft med denne garantiordninga.