Hopp til innhold

- Heggø må beklage

Stortingsrepresentant Ingrid Heggø frå AP må beklage til veljarane at ho ikkje har fått på plass industrikraft. Det meiner stortingskandidat frå Høgre Bjørn Lødemel.

Bjørn Lødemel
Foto: Jostein Nyfløtt / NRK

- Eg tykkjer ho bør beklage overfor dei som stemde på Arbeidarpartiet og næringslivet at dei rett og slett har feila på dette her. Den retninga dette går i er katastrofal for dei store og viktige bedriftene i Sogn og Fjordane, seier Lødemel.

Lødemel meiner at Heggø og den raud-grøne regjeringa bløffa veljarane då dei sa at dei skulle sikre rimeleg kraft til industrien.

ESA sette foten ned

ESA har sett foten ned både for dagens industrikraftordning som sikrar smelteverka å kjøpe billeg straum og for heimfallsordninga der privateigd kraft vert tilbakeført til staten etter seksti år.

Tysdag i neste veke skal regjeringa kome med si endelege innstilling til ny heimfallsordning, men Høgre meiner at regjeringa gjer vondt verre ved å truleg nekte storselskap som Hydro og Elkem å eige billeg straum når industrikrafta i tillegg ikkje er på plass.

- Det er ei katastrofe for viktige lokalsamfunn som Årdal, Høyanger og Bremanger. Det er heilt avgjerande at dei no får dette ut av dødvatnet. Det har gått tre år no, seier Lødemel.

Orsakar ikkje

Høgre sitt alternativ er å støtte industrigigantane sitt krav, droppe å innføre ny ordning og la Hydro og Elkem halde fram med å eige kraftanlegga sine i seksti år til og dermed sikre seg billeg straum.

Men Ingrid Heggø har ikkje tenkt å beklage noko som helst og meiner at den nye heimfallsordninga ikkje vil bety noko som helst for smelteverksbygdene i fylket.

- Heimfall vil ikkje slå ut korkje for Høyanger eller Årdal så dette har ikkje noko med å sikre industrien langsiktige kraftkontrakter å gjere.

Tør ikkje love dato

Men Heggø vedgår at når det gjeld billeg kraftpris til industrien noko som ho meiner er svært viktig for verksemdene her i fylket så har dei framleis ikkje ein dato for når dei kan vise ei løysing.

- Er det noko eg har lært i denne prosessen så er det å love ein dato, så det får du meg ikkje ut på, seier Heggø.