NRK Meny
Normal

Industrien fryktar enorme tap med auka nettleige

SVELGEN (NRK): Industrien fryktar skyhøge rekningar i millionklassen dersom styresmaktene får det som dei vil.

Arne Werge-Olsen, adm.dir. på Elkem Bremanger, er bekymra for den nye tariffordninga til Statnett.

KRAFT-TAPARANE: Werge-Olsen trur Elkem Bremanger tapar mykje om dagens rabatt i nettleiga forsvinn.

Foto: Sigrid Sivertsen Haugan

Statnett foreslår å endre dagens modell for nettleige.

– Her på verket bruker vi like mykje energi som Ålesund by. Det er ganske mykje.

Arne Werge-Olsen er administrerande direktør på Elkem i Bremanger. Han er bekymra for at krafta smelteverket bruker plutseleg skal koste skjorta og vel så det.

For Statnett foreslår å endre modellen som regulerer prisen på nettleiga.

Fabrikken hans ligg vegg i vegg med kraftverket. Tradisjonelt måtte fabrikkane byggast der krafta fanst, og til no har ei slik plassering gitt fordelar.

Har mykje lågare nettleige

Store straumkundar som Elkem sitt smelteverk i industribygda Svelgen har i dag mykje lågare nettleige enn mange andre.

Straumkundar som hentar straum frå det same punktet som ein produsent, får opp til 50 prosent rabatt slik ordninga er i dag. Kortreist kraft skal løne seg.

– Det er nesten slik at vi har plugga Elkem Bremanger rett i stikkontakten til uttaket frå kraftstasjonen, seier Werge-Olsen.

Silisium.

KRAFTKREVJANDE: – Her er det produksjon 24 timar i døgnet, fortel administrerande direktør Arne Werge-Olsen. Her blir ein av Elkem Bremanger sine omnar tømt for flytande silisium (arkivfoto).

Foto: Bård Siem / NRK

Statnett foreslår å fjerne rabatten dei har no. Dei meiner den er urettferdig og at ei ny ordning vil kome fleire til gode.

– Det vil vere urimeleg viss du er i eit område med mykje kraftproduksjon, men kopla på eit anna punkt enn kraftprodusenten, seier kommunikasjonssjef Christer Gilje i Statnett.

Christer Gilje frå Statnett

FORDELING: – Målet med den nye modellen er at dersom nokon vil starte ein ny fabrikk skal dei gjere det ein plass med overskot på kraft, og om nokon vil starte ein vindmøllepark så gjer dei det ein plass det er underskot, seier Gilje.

Foto: Trond Isaksen

I staden for berre å løne dei som ligg nærast kraftverka, foreslår dei difor ei områdeinndeling.

– Poenget med det er at ein i område med mykje kraftproduksjon skal få reduksjon i nettleiga. I eit område med lite produksjon får du det ikkje, seier Gilje.

Han påpeiker at dette framleis berre er eit forslag. Statnett skal no vurdere 44 høyringsinnspel, og vil ha ein ny modell på plass frå 1. januar 2019.

– Lite distriktsvennleg

Organisasjonen Kraftfylka trur ikkje modellen som no er foreslått, vil gi utjamning av prisane.

– Det er dei store byane som vil tene mest på dette, medan dei distrikta som allereie har høg nettleige og produserer mykje energi får ein ytterlegare auke, seier dagleg leiar Niklas Tessem.

Portrettbilete av Niklas Tessem

KRAFTIGE KONSEKVENSAR: – Høge kostnadar frå nettleiga vil på sikt kunne true arbeidsplassar i distrikta, trur Tessem.

Foto: PRIVAT

Han trur ein ny modell vil gå direkte utover store industriverksemder i kraftproduserande distrikt.

– Skal ein ha næringsutvikling over heile landet, så er nettleige viktig. Dette er ein del av eit bilete der ein hemmar næringslivet i distrikta, seier Tessem.

Sogn og Fjordane Energi (SFE) trur særleg Sogn og Fjordane fylke vil kome dårleg ut dersom modellen trer i kraft.

– Slik forslaget er utforma vil det bli endå meir urettferdig for vanlege folk og næringsliv i vårt område enn det er i dag. Intensjonen er nok at høg produksjon skal premierast, men ein ender opp med eit forslag som verkar å diskriminere område med overskot, og gir rabatt til område med stort underskot i staden. Då synest vi at ein har feila, seier konserndirektør nett i SFE, Asgeir Aase.