Ikkje spor etter ulv

Det er ikkje sett nye spor av ulven som herja i Sunnfjord i sommar sidan det blei gjort funn av sauekadaver i september, fortel Rein Arne Golf, rovviltansvarleg i Statens naturoppsyn. Ulven gjorde skade på lam og sau i mellom anna Lavik, Naustdalsfjella og i Guddal i Fjaler i sommar.