Hopp til innhold

Ikkje mistillit mot rådmannen

Kommunestyret i Bremanger avviste i dag å vurdere framtida til rådmann Tor Kristian Gulhaugen, slik kontrollutvalet i kommunen kravde.

Kåre Olav Svarstad
Foto: Ingrid E. Haugen

Fredag presenterte Fjordenes Tidende utdrag frå eit hemmeleg dokument frå kontrollutvalet som i uvanleg kraftig ordelag krevde at den sentrale leiinga i kommunen sin kompetanse vart vurdert. Dette på grunn av fleire problematiske personalsaker som har versert i media.

Men i går vart innspelet frå eit samrøystes kontrollutval, avvist av eit samrøystes kommunestyre.

- Rådmannen har vår fulle tillit. No er eg glad vi kan leggje denne saka bak oss og fokusere på å gjere ein best mogleg jobb for Breamnger kommune, seier Kåre Olav Svarstad (biletet).

Høyr alt om saka her: Ikkje mistillit mot rådmannen i Bremanger.

Bremanger kommune politimelder lekkasjen av hemmeleg dokument. Det sa Svarstad då han opna kommunestyremøtet i Svelgen tysdag.