Hopp til innhold

Ikkje la rottene ta rotta på deg

Rotter kan gjere svært stor skade i eit hus.

Rotte

UBEDNE GJESTAR: Rottene kan gjere svært stor skade.

Foto: Pixtal/Scanpix

Milde vintrar fører til at ein stadig større del av rottene overlever det som tidlegare var kalde periodar.

Kvart år får forsikringsselskap inn ei rekkje saker som handlar om rotteskader på bygg.

- Dersom rottene vert oppdaga i tide og det vert gjort noko med problemet, kan man unngå omfattande skade, seier takstsjef Gunnar Leira i TrygVesta.

Formerer seg raskt

Han seier at alle bør søkje hjelp raskt dersom dei oppdagar rotter i huset.

- Rotter har en formidabel evne til å formeire seg. Får du ei gravid horotte i huset, kan du under optimale forhold risikere å få ein bestand på 60 rotter etter berre fire månader, seier han.

Slik unngår at rottene flyttar inn hos deg

  • Ver oppmerksam om hausten og vinteren bår det er kaldt ute. Rotter søkjer etter varme omgjevnader og leitar etter opningar for å komme seg inn.
  • Ver merksam viss det er gravearbeid i nærleiken av huset. Rottene bur i grunnen og vil ofte komme opp når det vert gravd.
  • Unngå at rottene finn noko å ete. Pass på at matavfall vert lagt i lukka behaldarar og ha lokket godt på søppelspannet. Har du husdyr eller liker å mate fuglene, må du unngå at rottene får tak i den same maten. Ikkje la rottene få fråtse i nedfallsfrukt og komposthauger.
  • Hold augo opne for visittkorta til rottenet: Avføring og urinflekker.
  • Unngå opne kjellervindauge, særleg seinhaustes.
  • Pass på at det ikkje er opningar i grunnmur eller kledning.
  • Hald eigedommen ryddig. Ved og materiale bør lagrast med minst 50 centimeter avstand til vegg og minst 35 centimeter opp frå bakken.
  • Har du mistanke om at du har fått rotter i huset - bruk øyrene. Rottene er ikkje lydlause, og dei er mest aktive om nettene