Hopp til innhold

Meiner klimaarbeidet i kommunane er for dårleg

Kommunane sitt arbeid med klimaplanar er framleis ikkje godt nok. Det meiner fylkesberedskapssjef, Haavard Stensvand.

Stensvand om klima

IKKJE NØGD: Fylkesberedsskapsjef Haavard Stensvand, er ikkje nøgd med kommunane sitt klimaarbeid per i dag. Biletet til høgre er frå november i fjor der elva grov seg under hus på campingplassen på Lote.

Foto: Arne Stubhaug/Ranveig Årskog / NRK

Alle kommunar er pålagde å ta omsyn til klimaendringar når dei utarbeider arealplanar og godkjenner byggesaker. I tillegg har dei også ansvar for naturfare som flaum og skred.

Fylkesberedsskapssjef Haavard Stensvand seier det går framover, men det gjenstår framleis mykje.

– Det er ikkje godt nok, seier Stensvand.

Handlar i stor grad om vatn

Dei neste hundre åra skal det bli våtare og villare klima. Med ein slik vêrtype følgjer auka fare for flaum, skred og høgare havnivå.

Og i følgje Stensvand er det i stor grad vatn kommunane sitt klimaarbeid handlar om.

– Vi ser ofte at det som til dagleg kanskje er berre små bekkar eller elveleiar fløymer opp ved flaumsituasjonar og føre til dramatiske situasjonar. Korleis ein skal bygge nær slike område er eit av dei viktige spørsmåla.

– Kan slå tilbake på kommunane

Jenny Følling

UTFORDRANDE: KS-leiar Jenny Følling seier klimaarbeid er utfordrande for kommunane.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

I 2011 svarte 8 av 10 kommunar i ei undersøking at klimaendringane vil få konsekvensar for kommunen. KS-leiar, Jenny Følling, seier klimatilpassing er noko kommunane er opptekne av, men at det er eit utfordrande arbeid.

– Dette er vel eit område der ein aldri kjem heilt i mål, fordi klimaendringane kan få utslag som vi i dag ikkje kjenner til.

Og dersom ikkje kommunane arbeider godt nok med førebyggande tiltak og tek omsyn til klimaendringane, så slår det tilbake på dei.

– Dei er veldig opptekne av det, og det er i samband med at når ein skal lage arealplanar og kommuneplanar så må ein ta høgde for dette. For det får store konsekvensar for ein kommune å tillete bygging i rasområde. Då kan kommune verte direkte ansvarleg, seier Følling.