Hopp til innhold

Ikkje følg dette skiltet til Kvernsteinsparken

Eit skilt i Vågsøy viser veg til ein turistattraksjon over 200 kilometer unna i Sogn. – Det har skjedd ein feil, seier Vidar Solheim i Statens vegvesen.

Feilskilting Kvernsteinparken

FEILSKILTA: Eit skilt i Vågsøy viser veg til Kvernsteinparken i Sogn, men er sett opp ved ein feil.

Foto: Christina Cantero/Fjordenes Tidende

Vidar Solheim i Statens vegvesen.

FEILBESTILLING: Vidar Solheim i Statens vegvesen. Arkivbilde.

Foto: Harald Kolseth / NRK

Er du på besøk i Vågsøy kan du bli lurt til å tru at attraksjonen Kvernsteinsparken er like i nærleiken.

Realiteten er at turistattraksjonen ligg over 200 kilometer unna i Hyllestad i Sogn, men Statens vegvesen har sett opp eit skilt til Kvernsteinsparken på Måløybrua.

– Eg snakka med min entreprenør og dei har sett det opp som bestilt, så det må ha skjedd ein feil i bestillinga. Det er vanskeleg for meg å seie kva som har skjedd, så det er noko vi må sjå på i morgon, seier byggeleiar i Statens vegvesen, Vidar Solheim, til NRK.

Det var Fjordenes Tidende som først skreiv om saka.

Vil ta ned skiltet

Skiltet i Vågsøy til Kvernsteinsparken peiker heller ikkje i riktig retning, og Solheim frarådar folk å følge det.

– Det er ikkje nokon plass som heiter Kvernsteinsparken her som eg kjenner til, så vi får ta det ned igjen viss det viser seg at det er feil, seier han.

Solheim er derimot ikkje bekymra for at skiltet kan sende folk som vil besøke turistattraksjonen i gal retning.

– Det er ikkje akkurat den største turistsesongen, og det er mest lokale som køyrer der no for tida. Dette skal nok gå veldig bra, seier han.