- Biltilsynet har undersøkt bilane, og det er ikkje funne feil eller manglar ved køyretya, seier han.
Sjåføren på semitraileren forklarte til politiet etter ulukka at han meinte bremsene svikta då han hamna over i feil køyrebane og kolliderte med ein bergingsbil. Dei to som sat i bergingsbilen vart alvorleg skadde, medan to som sat i ein bil oppå bergingsbilen kom frå ulukka med nokre skrammer.
Held fram etterforskinga
Etter ulukka stod semitraileren inntil fjellveggen på si venstre side. Kvifor han skar over i feil køyrebane veit ikkje politiet enno, men det må truleg vere ei anna forklaring enn bremsesvikt. - Det er i alle høve ikkje funne feil ved bremseanlegget, seier lensmannen.
Politiet held fram arbeidet med å finne årsaka til ulukka ved Bogstunnelen på E39. Lensmann Olav Hellebø håpar å vere ferdig med etterforskinga om ein månad.
Foto: Steinar Lote