Hopp til innhold

Ikkje alvorleg skadd.

Syklisten som vart påkøyrd av ein bil i Førde fredag ettermiddag, var ei kvinne i 60-åra. Ho vart påkøyrd i samband med kryssing av ein sykkel og gangsti. AMK ved Førde sentralsjukehus opplyser fredag kveld at kvinna har fått lettare hovudskadar, og ligg på vanleg avdeling ved sjukehuset. Førarkortet til sjåføren av bilen vart mellombels kverrsett, og Førde og Naustdal lensmannskontor skal etterforske saka.