Hopp til innhold

I morgon kjem skattelistene

Onsdag klokka 0300 kan du sjekke kva naboen tener. Ikkje alle er begeistra for listene som vert lagde ut.

Skattesøk 2007

Arne Skinlo frå Breim jobbar som konsulent i oljebransen og får namnet sitt i lokalavisene kvart år når skattelistene vert lagde ut.

Ikkje offentleg interesse

- Eg synest ikkje det er ubehageleg lenger, for det har blitt ein vane. Men eg har problem med å forstå vitsen med at dette skal vere av offentleg interesse, seier Skinlo.

Han seier han hadde vore av same oppfatning sjølv om han ikkje hamna på lista over dei med høgast inntekt kvart år.

- Eg har ikkje noko å skjule, men dette burde vere ei privatsak. Dessutan gjev ikkje alltid listene rett inntrykk. Det kan vere ekstraordinære ting som gjer at ein hamnar på inntektstoppen, seier han.

- Men er det ikkje av samfunnsinteresse å vite kva folk tener?

- At Gud og kvar mann skal sjå kva som står der likar eg ikkje. Eg trur dei fleste ut i frå moralske prinipp ikkje ynskjer at dette skal vere offentleg, seier han.

Gruar seg til listene

Siviløkonom og investor John Helge Lunde meiner utlegging av skattelistene er notidas gapestokk. I fjor toppa han listene i Førde med ei formue på over 23 millionar kroner og ei inntekt på over fem millionar.

Han seier han har klientar som gruar seg til den dagen listene kjem.

Arne Skinlo er med i Skattebetalerforeningen som har bede Stortinget om å sjå på kor vidt offentleggjering av skattelistene er i strid med den europeiske menneskerettighetskonvensjonen.

Han er ein av nærmare 5000 som har skrive under på eit opprop om å fjerne skattelistene frå nettet.