Hopp til innhold

I dag vitjar dronning Sonja skulen for niande gong

FLEKKE (NRK): Dronning Sonja har blitt så mykje meir enn ein symbolfigur for United World College i Fjaler. I dag vitjar ho den internasjonale skulen for niande gong i samband med 20-års jubiléet.

Arne Osland, utviklingsdirektør ved UWC

GLER SEG: Arne Osland, utviklingsdirektør ved UWC, gler seg til å ta imot Dronning Sonja klokka 12 i dag.

Foto: Stein Aase / NRK

– Dronninga er ein symbolfigur for oss, men samtidig betyr ho meir enn det fordi ho har eit ekte engasjement. Det er ei stor oppmuntring for oss.

Det seier ein glad og oppglødd utviklingsdirektør Arne Osland ved United World College Røde Kors i Fjaler tidleg måndag morgon.

Dronning Sonja er skulen sin høge beskyttar og har vore gjest ei rekkje gonger før, men det er framleis like stort å få ho på besøk. I dag kjem ho til Fjaler for å feire at skulen er 20 år.

– Dette er ikkje ein vanleg måndagsmorgon, her er det fest.

– Vi har blitt meir solide

United World College Røde Kors i Fjaler er del av ei global utdanningsrørsle som har mål å bringe saman ungdom frå heile verda uavhengig av økonomien til familiane deira. Skulen i Fjaler vart opna i 1995 og har hatt fleire hundre elevar innom dørene.

Utviklingsdirektør Arne Osland ser tilbake på 20 fantastiske år.

– Entusiasmen har alltid vore veldig stor her, noko eg trur var essensielt for å etablert skulen. Det ligg ein grunnleggande idealisme i botnen.

–Samtidig tenkjer eg at vi har blitt meir solide. No er vi ikkje lenger ein tenåring lenger, no har vi blitt 20 år. Vi er meir modne, med ein solid struktur på plass, seier Osland.

Dronning Sonja på UWC

LA NED GRUNNSTEIN: Dronninga var seinast i april i år på besøk på UWC i Fjaler. Då for å leggje ned grunnsteinen til eit av nybygga ho no skal opne.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Skal opne nytt besøkssenter

Han seier skulen har vakse forsiktig, men meiner dei no har teke eit stort og viktig steg vidare. Når Dronning Sonja kjem til Fjaler i dag skal ho opne to nye bygg ved skulen.

– Det grunnleggjande arbeidet vårt er knytt til dei 200 elevane frå 90 ulike land. Men vi ønskjer at dei skal ha ei breiast mogleg kontaktflate med andre, og med to nye bygg, med til saman 100 sengeplassar kan vi ta imot andre som kan kome hit og oppleve verda, seier Osland.

Det nye besøkssenteret får allereie i dag besøk at to leirskuleklassar.

– Skulen er Dronninga sitt hjartebarn

Osland seier dagens program skal sikre at flest mogleg får helse på skulen sin høge beskyttar. Den oppgåva meiner Osland at dronninga tek på alvor.

– Ja, ho er vår høge beskyttar, Men ho viser også ei genuin interesse. Ho har sagt at UWC er hennar hjartebarn, og det er ærleg. Det merkar vi på ho. Ho bryr seg om institusjonen og om folka her, og det gir oss mykje, seier Osland.

Dronning Sonja kjem til Fjaler med kongeskipet, og kjem i land ved båthuset på UWC klokka 12 i dag.

NRK Sogn og Fjordane er til stades og du kan lese, høyre og sjå meir frå besøket på våre nettsider og i vår ettermiddagssending på radio.