Hopp til innhold

I dag kom første sigeren til Jotun

Jotun sitt damelag i handball hadde taket på vertane sine i dag. I tredje kampen for sesongen kom sigeren.

Jotun handball

SIGER: I dag tok Jotun sin første siger denne sesongen. Her er laget under ein den avgjerande kampen mot Førde førre sesong.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Det er alltid godt med ein siger, seier trenar Olafur Sveinsson etter kampen som enda 25–22.

Det grønkledde Jotun-laget tok i dag imot Os på heimebane. Etter to spelte kampar hadde Jotun berre eitt poeng.

Leia med 10 mål

Ifølgje Facebook-profilen til laget følte det seg frårøva sigeren mot Fyllingen i kampen som enda 27–27 førre helg. I dag spelte Årdølene den første av tre heimekampar på rad. Trenaren var nøgd med laget, i alle fall første del.

– Vi leia med fire mål til pause, og det vart ein brukbar start på kampen for oss. Dei første ti minuttane i andreomgang drog ifrå og spelte vi kanonbra, seier Sveinsson.

Ei stund hadde laget 10-måls leiing, men dei siste kvarteret var det ikkje like mykje gnist. Kampen enda til slutt 25–22.

– Då var det rett og slett ikkje mykje å skryte av. Vi slapp oss ned på eit dårlegare nivå rett og slett. Eg veit ikkje heilt kva som er årsaka, men når ein leiar med så stor margin er det ein kunst å halde på det. Vi slapp oss heller ned på det same nivået som motstandarane.

Vil prøve å halde seg i toppen

I fjorårets sesong var det Førde som stakk av med seriemeistertittelen framfor nasen til Jotun. Sveinsson seier han ikkje har tenkt noko på årets sesong på den måten.

– Det er mange kampar før vi veit kven som er på topp i år. Vi tek ein kamp om gangen. Om vi er med i toppen, veit vi ikkje. Eg har i grunn ingen tankar rundt dei andre laga. Vi har vore i toppen dei siste åra, og der skal vi prøve å halde oss framleis.

Jotun ligg no som nummer fem på tabellen etter dei tre spelte kampane. Førde tronar på topp i 2. divisjon avdeling 4.

Førde vant 32-21 mot Årstad i dag.