Hopp til innhold

I dag fell avgjerda i fylkestinget

Fylkestinget vedtek i dag kva riksvegar og fylkesvegar dei skal bruke pengar på dei neste åra.

Illustrasjon Dalsfjordbrua og Olden-Innvik.

Olden-Innvik og Dalsfjordbrua kjempar om to av dei tre øvste plassane på prioriteringslista.

Prioriteringslista ligg fast som den har gjort lenge, men Framstegspartiet vil truleg ta nok ein omkamp om Dalsfjordbrua. Spørsmålet er om dei får med seg dei andre partia på ei omprioritering.

45-minutts regionen mellom Måløy og Florø har vore tema ei rekkje gonger. Mange ser på ideen som god, men det er liten vilje til å løyve pengar til den. Fylkestinget vil truleg sjå andre plassar for å finne pengar til vegen.

Samstundes ligg det føre eit framlegg om å vurdere bompengar på Olden-Innvik. Kva som blir utfallet, kan du høyre i ettermiddagssendinga eller lese på nettsiden våre.

Kabelferje i Gulen

Fylkestinget vedtok også å opprette kabelferje for dei 45 personane på Hisarøy i Gulen. Berre dei fire representantane frå Framstegspartiet røysta imot. Under tidlegare handsamingar var også både Arbeiderpartiet og SV imot.

Onsdag føremiddag vart riksveg 57 Nishammaren i Fjaler prioritert øvst over rassikringstiltak neste år. Høgre ville at rassikring i Veitastrond i Luster skulle prioriterast høgare, men fekk ikkje med seg fleirtalet på det.