Vi veit det kjem folk til Flesland, og då kan det vere folk trå Sogn og Fjordane mellom dei, seier han. Om så er tilfelle vil desse først bli tekne hand om i Bergen før dei blir sende heim.
Beredskap i kvar kommune
Det har gått ut brev til kommunane med varsel om at dei må vere beredt til å ta imot folk som kjem frå katastrofeområda - i tillegg har Helse Vest og Helse Førde ekstra beredskap. Det er og beredskapsgrupper rundt om i kommunane viss folk treng hjelp etter dei er komne heim.
Det norske hjelpeapparatet sin innsats har vore gjenstand for kritikk etter jordskjelvet og flombølgja i Søraust-Asia. Hovelid kjenner seg likevel trygg på at dei som måtte kome heim no blir tekne godt hand om.