Hopp til innhold

Hyttekrangel i Gulen kosta bergensarar dyrt

Eit ektepar frå Bergen tapte på nesten alle punkt i Nordhordland tingrett. Dei saksøkte Folldalsheia Eiendom i samband med eit hyttekjøp i Tuvika i Gulen.

Tuvika hyttefelt

Avisa Nordhordland skriv om rettsstriden der ekteparet frå Bergen kravde 265.000 kroner i erstatning, men fekk berre 75.000 kroner.

Dessutan må dei punge ut 660.000 kroner i advokatutgifter. Halvparten går til motparten, Folldalsheia Eiendom i Bergen.

Saka begynte i 2005 då eit hyttefelt for ti hytter og ti naust i Tuvika vart godkjent. Ekteparet kjøpte den eine hytta nokre år seinare, men har lege i krangel med utbyggjaren sidan.

Tuvika ligg på nordspissen av Sandøyna, midt i Gulen kommune.

Kjensle av eksklusivitet

Avisa Nordhordland skriv mellom anna at ekteparet ville ha 150.000 kroner i erstatning for at feltet vart utvida frå ti til tolv hytter. Ikkje fordi dei mista utsikt, fekk auka innsyn eller fekk vanskelegare tilkomst, men fordi kjensla av eksklusivitet vart mindre. Det var ikkje retten einig i.

Ekteparet fekk rett nok medhald i punkt om parkeringsplassar og feil på vindauga.

Sabotasje og ytringsfridom

Ekteparet hevda også at utbyggjaren har mistenkt dei for å stå bak eller oppmode til sabotasje i hyttefeltet, med hærverk på båt og grillhytter, innbrot og tjuveri. Dette har han skreve i ei politimelding til lensmannskontoret i Gulen.

Retten skriv at denne typen ytringar er innanfor grensene til ytringsfridomen.

NRK har vore i kontakt med Per Hovden Lynghaug i Folldalsheia Eiendom som ikkje ønskjer å kommentere saka no.