Hytta til Wittgenstein skal på plass att

Stor pengegåve gjer at demonteringa av Wittgenstein-hytta i Skjolden kan starte alt i år.

Huset til Wittgenstein i dag

BERØMT: Dette huset var opphavleg hytta til Wittgenstein. No skal det demonterast og førast tilbake i si opphavlege form over Eidsvatnet i Skjolden.

Foto: Agnese Bremere / NRK

– Vi har hatt eit godt styremøte i dag og det som har utløyst gleda er at Luster Sparebank har løyvd éin million kroner til prosjektet.

– I tillegg har fylkeskulturutvalet løyvd éin million kroner til oppattbygging. Desse to store beløpa gjer at vi no har valt å gå vidare med prosjektet. Det er tommel opp for atterreise Wittgenstein-hytta der ho stod, seier ordførar Ivar Kvalen i Luster.

Ludwig Wittgenstein

FILOSOF: Ludwig Wittgenstein (1889 -1951) var på Skjolden i lange periodar.

Foto: SCANPIX

Stor filosof

Austeriske Ludwig Wittgenstein (1889 -1951) er ein verdas mest kjende filosofar. I lange periodar mellom 1913 og 1950 oppheldt han seg i Luster, i ei hytte høgt over Eidsvatnet. Her i Skjolden, og i denne hytta, skreiv han to av sine mest kjende filosofiske verk.

I dag er det berre grunnmurane att på staden der hytta stod. Men sjølve hytta eksisterer framleis, ombygd til eit hus på Skjolden som fungerar som ein fritidsbustad og som er i privat eige.

Meininga er at huset skal flyttast og førast tilbake til original utsjånad på grunnmurane over Eidsvatnet.

Avtale

– Vi har gjort avtale med familien. Vi skal demontere huset og ta vare på det, og samstundes gje ein ny fritidsbustad til familien. Det er del éin av planen. Del to er å flytte Wittgenstein-hytta tilbake over Eidsvatnet og sette den opp att på dei originale murane.

Grunnmurane hytta Wittgenstein

HER: På desse murane skal hytta til Wittgenstein reisast i si originale form.

Foto: Nyhetsspiller

– Den totale kostnadsramma er på rundt 7 millionar kroner, men dei to gåvene gjer at vi har lagt den økonomiske grunnsteinen og vil gå vidare, seier Kvalen.

– Kvifor er det rett å bruke pengar på dette?

Fordi Wittgenstein er ein av dei store filosofane. Det er ikkje så mange i Luster eller i Sogn og Fjordane som veit kor stor Wittgenstein er innanfor filosofien, seier ordførar Kvalen.

– Flytta og atterreist i original arkitektonisk form vil det vil bli ein internasjonal turistattraksjon. Det vil tilføre Sogn og Fjordane nok eit interessant, historisk kulturminne, skriv styret i Stiftinga Wittgenstein i ei pressemelding.

Wittgenstein hus i Skjolden

FJELLSKRENT: Her er hytta til Wittgenstein synleg. 30 meter over Eidsvatnet skreiv filosofen nokre av sine mest kjende verk.

Fått auga opp

– Har de hatt dårleg samvit?

– Ja, det har me. Etter at eg vart ordførar tenkte eg at no må me få gjort noko. No eig kommunen tomta, vi har regulert område og vi har skipa stiftinga. Men det er også slik at vi lokalt ikkje fekk auga opp for kor stor tyding Wittgenstein har internasjonalt, seier Kvalen, som er leiar i stiftinga.

– Målet er å starte i år, med atterhald om at me ikkje er fullfinansiert. Men no er me gått frå å ha ein idé, til at det er i ferd med å bli ein røyndom.

Styret i Stiftinga Wittgenstein

STYRET: Stiftinga Wittgenstein, f.v.: Trygve Martinusen, Ivar Kvalen, Jon Bolstad (på video), Harald Vatne og Rune Falch.

Foto: Erling Bjørnetun
Øya Bremangerlandet vil vere utan veg til fastlandet fram til neste veke.
For han som var sekundar frå å bli treft av steinblokkene, var det ei skremmande oppleving.
Over 3000 asylsøkjarar har forsvunne siste året.
  
Heile villreinstammen på Nordfjella, nær 2000 dyr, bør utryddast snarast råd. Det meiner forskarar etter at det i fjor blei påvist skrantesjuke. 
I dag møttes forskarar, politikararar og forvaltninga, for å diskutere den vidare kampen mot smitta.