Finanskomiteen vedtok fredag at krafta skal brukast i Årdal, og det vedtaket likte ikkje informasjonsdirektør i Hydro, Tor Steinum. Hydro vil bruke krafta som blir til overs når Søderbergomnane blir lagde ned i 2007, ved aluminiumsverka på Karmøy og Sunndalsøra.
Steinum seier det ikkje er avklart om Hydro får bruke krafta sjølv om finanskomiteen vedtek noko anna. Han seier det er avtaler inngått for mange år sidan som regulerer straumbruken.