Hopp til innhold

Hydro har opna alle sluser - jøkulhlaupet er i gang

Bresjøen ved Harbardsbreen er byrja å tømme seg for vatn. – Spørsmålet er om det opnar seg fint under breen, eller om det kjem raskt, seier Jonny Bruheim.

bilde av smeltevann på Harbardsbreen i Sogn

I GANG: Vatnet siv ut frå bresjøen under Harbardsbreen i det innringa området.

Foto: HYDRO / NTB scanpix

Politiet har bestemt seg for å vente med evakuering av husstandane i Fortunsdalen i Luster.

Vassdragsteknisk ansvarleg for Hydro i Sogn, Jonny Bruheim, seier jøkulhlaupet no er i gang.

– Det var ting som tydde på at det var byrja å drenere seg vatn ut frå breen. Etter ein inspeksjon lenger inne i fjellet sveipa vi over med helikopter. Eg kan stadfeste at det har starta å tømme seg der oppe, seier Bruheim.

– Har god kontroll

Som ansvarleg for damanlegga Hydro har i fjella i Sogn, var Bruheim over Harbardsbreen like over klokka 14.

Sjølv om vatn no er byrja å sive ut frå bresjøen, vurderer ikkje Bruheim situasjonen som dramatisk. Ein frykta storflaum også i 2010 då 40–50 bustader vart varsla evakuerte.

NVE varslar fredag ettermiddag at det kan kome store mengder vatn i Fortunsdalen i Luster. Politiet i kommunen set krisestab og det blir vurdert evakuering av innbyggjarar.

VIDEO: Slik såg det ut ved Harbardsbreen i Luster fredag føremiddag.

– Vi har opna det vi kan av luker for å sleppe vatn ut frå magasinet, slik at vi kan ta imot mest mogleg. Vi har god kontroll med vasstanden på Fivlemyrane, der vi har dam og god overvaking som gir oss kontinuerleg vasstand, seier han.

Kan bli evakueringar

Hydro, Luster kommune og politi har sett lokal beredskap etter varselet frå NVE. Situasjonen blir vurdert frå time til time, og tidleg fredag ettermiddag vart det klart at politiet vil vente med å evakuere.

Det er framleis aktuelt å evakuere mellom åtte og 15 husstandar.

– Ting kan endre seg og vi kan få ein situasjon som gjer at vi kan måtte setje i verk tiltak utover ettermiddag og kveld. Det vil vere at dei som bur mest utsett til ikkje skal sove i husa sine, seier lensmann Asle Karoliussen.

Har kontroll

Vegen til Nørdstedalen er no stengd og folk er ute for å sjå etter turistar som kan ha sett opp telt på utsette område i området.

Brigt Samdal - Regionsjef Vest NVE

REGIONSJEF: Brigt Samdal i NVE seier situasjonen i Luster førebels er under god kontroll.

Foto: Ivar Lid Riise / NRK

Regiondirektør Brigt Samdal i NVE seier Hydro sitt vassmagasin ved Fivlemyrane har kapasitet til å handtere fleire millionar kubikk vatn. Det er venta at så mykje som fem millionar kubikk vatn er i bresjøen.

– Det gir mykje vatn totalt, så vi må prøve å få fordelt så mykje som mogleg utover døgna for å unngå ein farleg situasjon, seier Samdal.

Kan ta fleire timar

Samdal seier det uansett vil bli stor vassføring i vassdraget, men at den i kontrollerte former ikkje vil gi noko skadesituasjon.

– Det er ikkje noko fasit på korleis ein jøkulhlaup opptrer. Normalt er det ein innleiande del der vatn prøver å finne løp ut under breen. Det er der vi er no. I 2010 tok det 20 timar, seier Bruheim hos Hydro.

Glattbarberte og aerodynamiske syklister suser gjennom VM-løypene i Spania denne uka. Schrödingers katt undersøker om barberte legger har noen som helst effekt på farten for syklistene.

SJÅ VIDEO: Schrödingers Katt si sak om jøkulhlaup frå i fjor.