Hopp til innhold

Huset deira er berga

Trehusa som ligg inntil Lerum-tomta i Sogndal får behalde vernestatusen sin. Det vedtok Sogndal kommunestyre torsdag.

Geir Arne Lomheim og Kristina Flugeim framfor huset sitt i Fjøra

- UTRULEG LETTA: Kristina Flugeim og Geir Arne Lomheim og huset deira, som ikkje lenger er truga.

Foto: Rune Fossum / NRK

Det betyr at Kristina Flugeim og Geir Arne Lomheim ikkje lenger treng vere urolege for at dei må flytte frå huset sitt.

– No er vi utruleg letta, dette er heilt utruleg, sa Geir Arne Lomheim etter at avgjerda fall i Sogndal kommunestyre.

Saman med sambuaren Kristina Flugeim fylgde han spent debatten. Den siste tida har dei gått i konstant frykt for at huset deira i Sogndalsfjøra vil vere i fare fordi det var framlegg om å oppheve vernet som dei gamle trehusa i området har.

– Det har vor ei tøff tid, eg greier ikkje heilt å sette ord på det. Det har vore mykje kjensler.

– Nervøse, men det var kjekt

– Eg hadde ikkje trudd at det kunne ende så godt, at dei kunne avgjere det til vår fordel. Eg tenkte at det beste utfallet var at dei ville utsette saka, eg trudde ikkje at dei ville avgjere her og no at vi skulle innatt i omsynssona, seier Kristina.

Men debatten gav dei ein peikepinn på at saka kunne få eit positivt utfall for dei.

– Det var mykje som talte til vår fordel i dei fleste innlegga, det var vel eitt som ikkje var så positivt, og då vart vi litt meir optimistiske. Vi var nervøse, men det var kjekt.

Etter trehusvedtak i Sogndal

NØGDE MED VEDTAKET: Frå v. Trine Lerum, Rune Svedal, Geir Arne Lomheim, Kristina Flugeim og Jon Flugeim.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Godt vedtak for naboane

Bakgrunnen for at saka har kome opp er at Lerum skal flytte syltetøyfabrikken sin frå Sogndalsfjøra til Kaupanger. Lerum har hatt dialog med med Veidekke, som vil byggje tre bustadblokker på tomta. Det at kommunen kom med framlegg om å oppheve omsynssona for dei nærliggande eigedommane gjorde at huseigarane kjende at framtida deira var truga.

Men direktør Trine Lerum i Lerum-gruppen er ikkje misnøgd med det vedtaket Sogndal kommunestyre no har gjort.

– Eg tenker at det først og fremst for naboane er eit godt vedtak, dei får bevare huset sitt. For vårt vedkomande har vi hatt ein dialog med Veidekke om vår tomt. Det eg må konsentrere meg om no er å flytte fabrikken til Kaupanger innan dei grensene som ligg, og det har heile tida vore intensjonen vår.

– Vårt mål er at vi skal få dette til, med det volumet som krevst for at Veidekke skal gå inn, slik at vi får økonomi i det til at vi kan gjere det store løftet som det er for oss, og slik at Lerum kan få utvikle seg og vere ei viktig bedrift i Sogndal i mange år framover.

Vibeke Johnsen

- VELDIG NØGD: Vibeke Johnsen (SV) kom med framlegget som gjorde at familien Flugeim/Lomheim kunne sjå lyst på framtida igjen.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Av kommunestyremedlemmene var kanskje Vibeke Johnsen (SV) den som smilte breiast etter vedtaket. Ho kom med framlegget som til slutt vart samrøystes vedteke.

– Eg er veldig nøgd. Det er mange i Sogndal som har engasjert seg i denne saka. Det dreier seg om å sette heime til folk i spel, og det er veldig alvorleg. I tillegg er det ein av eigedommane som er med på å gjere Sogndal til den plassen den er.