Hopp til innhold

Husbråk, slagsmål og promillekøyring

Politiet måtte hanskast med litt av kvart denne haustnatta.

Politi
Foto: Lien, Kyrre / SCANPIX

Det heile starta i Florø 20 minutt over midnatt. Her fekk politiet melding om både krangling og bråk på ei privatadresse på Krokane. Patruljen reiste til staden og dei roa seg ned. Saka vert rekna som oppgjort på staden.

Ved halvt totida kom melding om ein laushund som gjekk i sentrum i Førde. Etter ei stund melde eigaren seg og reiste ut for å hente hunden.

Hunden var ikkje den einaste frå dyreriket som var ute denne natta. I Stryn vart ein hjort på køyrt på Rv. 15 ved Markane, og viltnemnda vart varsla.

Klokka 02.05 vart ein mann i Flora kommune framstilt for blodprøvetaking etter mistanke om køyring i rusa tilstand i Stavang. Mannen i 20-åra fekk førarkortet kverrsett og saka vert vidare følgd opp av Flora politistasjon.

Ein halvtime seinare kom to menn i klammeri med kvarandre. Politiet fekk melding om knuffing mellom dei to på ein utestad. Då politiet kom til staden roa det heile seg. Så lenge ikkje noko av dei to melder forholdet vert det rekna som oppgjort på staden.

Ein mann i 20-åra i Florø vart ved 03.13 tida teke hand om og køyrt heim av politiet fordi han var rusa.