Hopp til innhold

Hus totalskadd i brann

Like over klokka 19.00 påskeaftan rykte naudetatane ut til ein brann på Solheim i Nordhordland. Solheim ligg ved E39, nær fylkesgrensa til Sogn og Fjordane. Det var eit bustadhus som brann, og politiet melder laurdag kveld at huset er totalskadd. Brannmannskapa har kontroll på brannen og det er ikkje fare for at brannen spreier seg. Fem personar blir sendt til legevakt for sjekk etter å ha pusta inn røyk.

Laster Twitter-innhold