NRK Meny
Normal

Hus brann ned til grunnen i Luster

Eit hus brann natt til onsdag ned på Lambhaug på Indre Hafslo i Luster. Til alt hell var det vindstille og ingen personar i huset.

Husbrann på Indre Hafslo

BRANN NED: Påska fekk ein trasig start for leigetakaren av huset på Indre Hafslo. Huset var allereie overtent då brannen vart varsla.

Foto: NRK.no-tipsar

Naudetatane fekk melding om brannen klokka 0148. Huset var allereie då overtent.

Brannmannskap frå Sogndal og Luster rykte ut.

– Huset var eitt av ei bygningsklynge på seks bygg, inkludert driftsbygning med dyr i. Brannvesenet starta sløkking og arbeidet med å hindre spreiing då dei kom fram litt over klokka 02, seier Jan Gunnar Holvik ved brannalarmsentralen i Florø.

Ingen personar

Det var ein nabo som melde frå om brannen på i den vesle bygda Lambhaug i Indre Hafslo. Politiet opplyser at verken dyr eller menneske vart evakuerte eller skadde.

Personen som leigde huset var bortreist då brannen starta.

– Då vi fekk meldinga var det ukjent om det var personar i huset. Brann, ambulanse og politi rykte ut, men det viste seg at det ikkje var personar i huset, seier operasjonsleiar Olaug Holme ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Vindstille

Brannvesenet lukkast i arbeidet med å hindre spreiing. Mannskap frå brannvesenet i Luster er framleis på staden og vil utover natta og morgonen drive ettersløkking.

– Men huset er totalskadd. Det er nesten brent ned. Men til alt hell har det vore nesten vindstille der inne. Med litt meir vind, så kunne brann fort spreidd seg til dei nærliggande bygga, seier Holme.

Årsaka til brannen er ukjent, men saka blir etterforska av Luster lensmannskontor.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå