Hopp til innhold

«Venskap kan starte på denne måten»

Dei to siste dagane har elvevar frå heile Luster og Leikanger fått oppleve spanande aktivitetsdagar utanom det vanlege.

Frimoro aktivitetsdag Luster
Foto: Britt Veum Hauge

– Det har vore veldig, veldig kjekt. Ungane har verkeleg kosa seg her i dag!

Det seier Knut Myking, som er med på å arrangere aktivitetsdagane i Luster.

Dei siste to dagane har til saman 140 elevar frå barneskular i Luster fått prøve kano, havkajakk, sup-brett, spikking, luftgevær, slakk line, dans, natursti, matlaging og ulike leikar og spel.

– Og tilbodet er heilt gratis for borna. Dei treng berre å møte opp med normale uteklede og eit sitjeunderlag, seier Myking.

Er i ferd med å verte ein tradisjon

Frimoro aktivitetsdag Luster

LINE: Kanskje gjekk ho utan støtte etter ei stund?

Foto: Britt Veum Hauge
Frimoro aktivitetsdag Luster

LUFTGEVÆR: Fokuserte på å treffe blinken.

Foto: Britt Veum Hauge
Frimoro aktivitetsdag Luster

MAT: Påfyll av energi etter ei lang rekkje aktivitetar.

Foto: Britt Veum Hauge
Frimoro aktivitetsdag Luster

HEILE GJENGEN: Totalt 140 elevar var med i Luster.

Foto: Britt Veum Hauge

Myking er prosjektmedarbeidar i prosjektet Folkehelse og førebyggjande helsearbeid i Sogn.

– Dette er eit interkommunalt samarbeid mellom kommunane Luster, Leikanger og Sogndal. Dei to siste dagane har elevar i Leikanger hatt akkurat same tilbod, og i haustferien er det borna i Sogndal sin tur, seier han.

Dette er andre året dei arrangerer aktivitetsdag, og oppmøtet var mykje betre i år.

– Dette kjem til å verte ein tradisjon. På grunn av erfaringane frå førsteåret, har det gått betre i år. Vi har hatt fyldigare program og fleire deltakarar, seier Myking.

Fleire målsetjingar

Myking fortel at dei som jobbar med prosjektet har klare målsetjingar med denne typen dagar.

Stikkorda er fysisk aktivitet, sosial kontakt og møtestader.

– Det er kjekt og viktig at ungar frå ulike skular kjem saman og møtest. Det ser vi tydeleg at ungane set pris på, og vi ser at dei finn tonen. Venskap kan starte på denne måten.

Eit openbart mål, med namnet til Folkehelse og førebyggjande helsearbeid i mente, er å introdusere ungane for ulike typar fysisk aktivitet.

Utanom kommunane sitt samarbeid har fleire frivillige organisasjonar vore viktige for å gjennomføre aktivitetsdagen, seier Myking.

– Både Lions, Røde Kors, Gaupne helselag og Frivillighetssentralen har vore med. Det å setje organisasjonar og borna i kontakt og kople dei i hop er også eit viktig mål for oss.