Over hundre veteranbilar lyste opp vegen

Fleire sperra nok opp augene då ein Triumph-karavane med over hundre veteranbilar tok turen over Gaularfjellet søndag.

Søndag køyrde 100 Triumph-bilar over Gaularfjellet til Balestrand og ærverdige Kviknes hotel.

MOTOR OG NATUR: Dei norske arrangørane sørga for at dei utanlandske gjestane fekk oppleve storslått natur frå veteranbilane sine. Her kan du sjå og høyre om opplevingar frå turen. Foto/redigering: ELIAS ENGEVIK

Turen over Gaularfjellet til Balestrand og Kviknes Hotel er berre ein liten del av ei lang rute for «Triumph European Meeting & Tour» som i år vert arrangert i Norge.

Bilelskarane frå land utanfor Norge var imponerte over kva dei norske arrangørane hadde å vise fram.

Bilar frå ti land

Kvart år samlast entusiastiske bileigarar frå heile Europa med sine Triumph TR-bilar, til ei felles helgesamling med rundtur i ulike europeiske land. I år var Norge for første gong arrangør.

– Det ligg eit omfattande arbeid bak dette opplegget. Tre år med marknadsføring har gitt oss 125 påmelde bilar frå Tyskland, England, Sveits, Austerrike, Belgia, Nederland, Danmark, Sverige og Norge. Vi har til og med ein deltakar frå New Zealand, seier pressetalsmann i den norske Triumph-komiteen, Bjarne Refsnes.

(Saka held fram under biletet)

Triumph-karavane

GAMLE, MEN GODE: Frå Triumph-bilane har besøket frå utlandet fått oppleve norsk natur på sitt beste.

Foto: Elias Engevik

Opplevingsrik reiserute

Dei fleste har ei lang reise framfor seg allereie før start, men i Norge startar ruta på Beitostølen. Derifrå gjekk turen vidare til Valdresflya, Lom og vidare til Grotli og Geiranger.

Triumph-karavane

ENTUSIAST: Bjarne Refsnes har hatt hovudansvaret for arrangeringa av Triumph-karavanen som for første gong er i Norge.

Foto: Elias Engevik

Deretter køyrde dei Trollstigen før ferda gjekk langs gamle Strynefjellsvegen, over fjellet og ned til Stryn, og vidare til Loen og til Balestrand over Gaularfjellet.

Etter eit opphald på Kviknes Hotel køyrer følgjet vidare over Vikafjellet til Stalheimskleivane og over den nye Hardangerbrua til Lofthus. Returen til Oslo går via Låtefoss, gamle Rølldalsvegen og gamle Haukelifjellveg til Haukeliseter, der arrangementet avsluttast.

Over 3000 asylsøkjarar har forsvunne siste året.
  
Heile villreinstammen på Nordfjella, nær 2000 dyr, bør utryddast snarast råd. Det meiner forskarar etter at det i fjor blei påvist skrantesjuke. 
I dag møttes forskarar, politikararar og forvaltninga, for å diskutere den vidare kampen mot smitta.
Mange hoppbakkar i Norge ligg som attgrodde monument frå ei gløymd stordomstid. Og utan hoppbakkar forsvinn også skihopparane. Men på Hafslo i Sogn og Fjordane held brødrene Lomheim hoppsporten i live med hundrevis av dugnadstimar, i håp om ein gong å sjå nye rekruttar sleppa seg frå bommen.