Hopp til innhold

Hundesøk innstilt

Søket med hundar etter den sakna Charlotte Moene i Årdal er innstilt.

Leiteaksjon i Fardøla
Foto: Steinar Lote / NRK

Leitinga i helga har ikkje gjeve resultat, og lensmann i Årdal, Kristen Olav Grøttebø, må no senda hundane heim.

- Hundane avslutta i går kveld, og reiser tilbake til Finland i dag.

Hundane som er speialtrent til å søke etter personar under vatn kom til Årdal på fredag og har delteke i omfattande søk i helga. I tilegg til hundane frå Finland har eit undervasskamera vore i drift og hundetenesten i Oslo har bistått med hund og førar som har søkt langs elvebredda. Men leteaksjonen har ikkje gjeve politiet svar.

I dag skal Grøttebø i møte med politimeisteren for å sjå på ressursbruk og stake ut ein ny kurs for leteaksjonen etter den 17 år gamle Charlotte Moene.