Hopp til innhold

Zanto (6) har lært seg å stå på ski

Storpuddelen Zanto kan noko ikkje alle andre hundar kan.

Zanto står på ski

KUNNE STÅ PÅ SKI ETTER EIN MÅNAD: Storpuddelen Zanto er seks år, men framleis lærevillig.

Foto: Privat

– Han synest det er moro å få til nye ting, seier matmor Torhild Marie Hansen, som bur i Hyllestad.

Ho har lært opp storpuddelen Zanto til å stå på langrennsski.

Firda Nett skreiv i dag om hunden som i ein alder av seks år har lært seg nye kunster.

Det byrja med ein fiks idé

– Det var ein fiks idé frå mor mi som var bakgrunnen for opplæringa. Ho ville ha eit artig julekort, fortel Hansen.

Ho og Zanto tok utfordringa på strak arm, og begynte øvingane i desember. Dei blei ikkje ferdige til jul, men no kan ho syne fram bevis på at målet blei nådd for ein dryg månad sidan.

– Eg trudde ærleg talt ikkje at det ville la seg gjere. Men Zanto har vist pågangsmot og er ein lærevillig skielev, ler Hansen.

Høgrelabba med gåstavar

Det må nemnast at Zanto står, og ikkje går på ski. Dei artige bileta syner eigentleg ei balanseøving. Hansen har nytta sine eigne samanleggbare gåstavar til føremålet.

– Eg har sett stavane i v-form, med høgre staven litt skråare enn den andre. Han er høgrelabba, og då står han støare slik, seier Hansen.

Tenk nøye gjennom treninga

Torhild Marie Hansen med Zanto og Robin

EIT HUNDELIV: Hansen har investert mykje tid i hundane Zanto (i midten) og Robin. Robin døydde i fjor, 14 år gammal.

Foto: Privat

Det er ikkje berre å gå i gang med skitrening for hundar. Som eigar og eventuell trenar må ein tenkje på anatomien til hunden, for rasane har ulik kroppsbygning.

– Ei slik øving er krevjande for korsryggen og låra, og ein må vere sikker på at hunden ikkje har skader i hofteledda før ein går i gang. Å stå på ski eignar seg heller ikkje for veldig store hundar med lange ryggar, åtvarar Hansen.

Å lære opp hundar er ein kunst

For å minimere belastninga og motivere Zanto til å nå målet, har Hansen delt treninga opp i småøkter.

Ho har eit gjennomtenkt forhold til hundetrening og lang erfaring med hundehald. Hansen har skrive fagbøker om hund, og har fleire barnebøker bak seg, gjerne med hundane Zanto og no avdøde Robin i hovudrollene.

– Kunsten å lære opp ein hund ligg i å dele treninga i bittesmå bitar, for så å setje bitane saman i ein heilskap, seier ho.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Torhild Marie Hansen og hundane

VAR EIT SAMANSVEISA TREKLØVER I MANGE ÅR: Torhild Marie Hansen og hundane Zanto (t.v.) og Robin.

Foto: Privat

Vanskeleg å halde på lua

I skitreninga med Zanto var hovudelementa å halde stavane, å stå på skia og å ha på lue. For ein hund er det nemleg ikkje så lett å halde på hatten.

– Han ville gjerne riste henne av seg, det var vanskeleg å stå stille, ler Hansen.

Zanto kunne alt stå på to bein, men Hansen har limt ull under skia for at hunden ikkje skal skli avgarde på det glatte underlaget.

Hunden skal ha ros

Hansen minner om at det er viktig å vere tolmodig, og ikkje kjefte på ein hund som ikkje lærer med éin gong.

– Viss hunden ikkje gjer som du vil, er det du som instruktør som må tenkje nytt. Og ros og variert løn for strevet er svært verdifullt, seier Hansen.

Med fleire småøkter nokre dagar, og fridagar innimellom, tok det om lag ein månad før Zanto var i stand til å stå på ski, med labbane på stavane og lua på hovudet.

Neste julekort er sikra

Zanto

ØVING GJER MEISTER: Zanto held balansen på skia i eitt minutt.

Foto: Privat

No kan Zanto stå stille og halde balansen i omtrent eitt minutt. Det er nok tid til å få tatt mange fine bilete.

– Det vart ikkje til julekort førre jula, men den neste er nok sikra, ler Hansen.

Har talent for tal

I mellomtida har Zanto fleire talent å utvikle. Han har nyleg lært om tal av matmor. Zanto kan mellom anna kjenne att talet 2.

– Eg har nokre terningar med ulike tal på, og Zanto plukkar alltid ut riktig terning når eg ber om den med 2 på, seier Hansen nøgd.

nettsidene til Torhild Marie Hansen finn du meir stoff om Zanto og om hund generelt. Videoklipp av Zanto ligg også på YouTube.