NRK Meny
Normal

Hundar gjekk til angrep på beitande sauer - turistar melde frå til politiet

Atle Kvam frå Aurland opplevde ein kvar bonde sitt verste mareritt då to hundar gjekk til åtak på sauene hans på beitet.

Vedahaugane

GJEKK TIL ANGREP: To hundar gjekk til åtak på fleire sauer i Aurlandsfjellet. No blir saka meld til politiet.

Foto: Steinar Skaar (ss), Turistveg / Steinar Skaar (ss), Turistveg

Fredag ettermiddag fekk han ein telefon frå politiet om at to fuglehundar hadde gått til åtak på sauene hans på fjellet mellom Aurland og Lærdal.

– Ein turist hadde meldt frå til dei, og teke bilete av registreringsnummeret på bilen til hundeeigaren, fortel sauebonden Atle Kvam.

– Hundeeigaren melde ikkje ifrå

Ein sau og eit lam vart skadd i åtaket, ifølgje politiet. Bonden fortel at det var tydelege bitemerker på sauene, og han er usikker på om dei vil klare seg.

– Det som er mest alvorleg er at hundeeigaren reiste frå staden med hundane utan å melde frå. Det var nokre turistar som hadde stogga ved vegen som ringde til politiet. Det er klart ein blir litt forbanna når ein opplever noko slikt, seier Kvam.

Fem minutt etter at politiet ringde han var bonden komen opp på Nalfarhøgda der sauene hans går. Men han fortel at det tok lang tid før han fann dei skadde dyra.

Kvam er klar på at han kjem til å melde saka til politiet på måndag. Kva han håpar blir utfallet vil han ikkje seie noko om no.

– Det får vi ta på måndag med politiet, seier han.

Kan vere eit større problem

Hundeeigaren skal ifølgje Kvam ha kontakta politiet sjølv, etter å ha snakka med bonden. Han skal også ha beklaga seg til Kvam.

– Men det er ikkje mykje hjelp i no, seier bonden.

Fredagens hending er noko han ikkje har opplevd tidlegare, men han trur at hundar som får gå lause i beiteområde er eit større problem enn ein er klar over.

– Det er ei skam at ikkje hundeeigarane tek meir ansvar. Eg har sjølv hund, det er ikkje det. Men det går no an å lufte hundane sine sjølv om dei er i band. Det er jo ikkje hundane som er problemet, det er eigarane, seier Kvam.

Ville skote under eit angrep

Denne veka har det vore stor merksemd kring bonden i Rogaland som skaut ein hund som han meinte hadde jaga sauene sine. Hundeeigaren forklarte at hunden ikkje hadde gjort dette. Hunden skal ha vore ved eigaren si side då bonden skaut.

Hadde dei to fuglehundane på Nalfarhøgda i Aurland angripe sauene medan Kvam såg på, ville han ha skote, fortel han.

– Det hadde eg gjort utan tvil. Det er ikkje noko å diskutere, seier bonden.

Men med lause hundar som ikkje gjekk til åtak, ville han ikkje reagert like hardt.

– Då ville eg ha oppfordra hundeeigaren om å ta hunden i band, og hadde dei ikkje gjort det så hadde eg ringt politiet, seier han.

– Viktig å melde frå

Og det er ei oppfordring Kvam meiner alle hundeeigarar bør ta til seg, før uhellet er ute.

– Hundeeigarar har si plikt dei også, og eg vil oppfordre alle til å ha hundane sine i band i beiteområde. Og gjer hunden skade på sauer så er det viktig at ein seier ifrå med ein gong, slik at ikkje dyra lir.

Politiet bekreftar at det ikkje var hundeeigaren som melde frå om åtaket på sauene.

– Det var ein som observerte det som ringde til oss. Eigaren var ikkje der akkurat då det skjedde. Hundane hadde stukke av, og eigaren leitte etter dei, seier operasjonsleiar ved Sogn og Fjordane politidistrikt, Synnøve Domben.

Ifølgje operasjonsleiaren vil vidare saksgang vere avhengig av om bonden vil politimelde saka. Domben ønskjer ikkje å uttale seg om kor alvorleg saka er, men seier at det ikkje er lov å ha hundar lause på denne tida.

Bønder føler seg ikkje trygge på vegen med traktor
Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast