Hopp til innhold

Humoristisk opera servert på sølvfat til svoltne Florøværingar

Laurdag var ein festdag i Florø, då OperaKysten hadde si første operaframsyning i byen. På menyen stod stykket "Der Schauspieldirektor", ein kammeropera av Wolfgang Amadeus Mozart med eit tema like aktuelt i dag som då den vart skriven for over to hundre år sidan.

Opera i Florø
Foto: Martin Torstveit / NRK

– Eg håper eg ikkje er den einaste i salen som ler. Oda Alisøy er nervøs før den første framsyninga til OperaKysten der ho er regissør for aller første gong.

Men Florøværingane let seg lett underhalde. Salen i Flora Samfunnshus er smekkfull av eit lattermildt publikum kledd i side fløyelskjolar, paljettar, lakksko og smoking. Det er ingen som skulle tru at dette er første gongen det er operaframsyning i den vesle byen ved kysten.

Parallellar til dagens politikk

"Der Schauspieldirektor" handlar om ein teaterdirektør som slit med å få endane til å møtast, og har bestemt seg for å bli bonde. So kjem det ei uventa pengegåve som kan redde teateret, men som legg føringar både for programmet og også for kven som skal vere stjerna.

Regissør Oda Alisøy ser samanhengar mellom den gamle komedien og notidas kulturpolitikk.

– Det er politikarar som legg føringar for korleis stønaden skal brukast, og kunstnarar som må gå ei ekstra runde med prinsippa sine, seier ho.

Ordførar med operaidé

Ordførar i Flora Kommune, Ola Teigen, seier på eit arrangement før framsyninga at han er stolt over å ha fått ein opera i byen, og han er fornøgd med at operaen kan ha eit so aktuelt tema.

Til neste år foreslår han humoristisk at OperaKysten finn eit stykke som handlar om ei konkursramma kommune der ordføraren får nye oppgåver, til stor jubel frå dei frammøtte.

Lokale Nora Oleanne Sårheim er ein av dei som tok initiativ til å starte OperaKysten i fjor. I stykket spelar ho ei av hovudrollene som den tilårskomne operadivaen "Madame Borchgrevink".

– Skapt for opera

Etter framsyninga er det kø for å få ta "selfie" i lag med divaen, småjenter i tyllskjørt og stas får sete i fanget og verte tatt bilete av i scenelyset.

– Det er som om heile draumen vert oppfylt på ein gong. Å få gjere opera i heimbyen til ein utselt sal, betre vert det ikkje!

Sårheim legg ikkje skjul på at dette er stort for henne, og syns det er kjekt at Florø har støtta opp om den ville ideen som vart utvikla for eit år sidan.

– Eg trur kanskje Florø er skapt for opera, seier ho.

Og Florøværingane på veg ut av salen er einige. Dei held på å fordøye smakfulle ariar og duettar, og gler seg allereie til neste servering.

Styreleiar i OperaKysten, Solveig Willis, er letta over at alt gjekk bra med ei utselt framsyning.

– Vi byrjar planlegginga av neste prosjekt i morgon, seier ho fornøgd.