Hopp til innhold

Trio hugsa fint lite frå heisaturen - no har alle fått straffa si

Tre gonger vart vennegjengen på heisatur stogga av politiet. I Sogndal vart det også bom stogg. No har også tredjemann fått si straff for narkotikabruk, biltjuveri og køyring i ruspåverka tilstand.

Sogn tingrett

DØMDE: Den eldste mannen godtok førelegg for narkotikabruk, medan kvinna aksepterte ein tilståingsdom. No er også tredjemann i reisefølgjet dømd for turen til Sogn for to år sidan.

Foto: Arve Uglum / NRK

Bortsett frå avreisestaden hugsa dei tre, to menn og ei kvinne i narkorus, fint lite frå køyreturen i mars for to år sidan.

Men det som er sikkert, er at dei to gonger fekk nærkontakt med politiet i Sogn. Utan at det la noko dempar på reiselysta.

Alle var rusa

For den yngste i reisefølgjet, ein mann i 20-åra, er no dømd til fengsel i 60 dagar fengsel for bilbrukstjuveri, aktlaus køyring, narkotikabruk og for å oppgje falsk personalia til politiet.

Mannen er tidlegare dømd seks gonger for å ha køyrt bil utan førarkort. Etter den siste dommen er han oppe i åtte. Då saka var oppe i Sogn tingrett tilstod han fem av ni postar i tiltalen.

Og det berre nokre månader etter at han fekk fire år og åtte månader fengsel for andre lovbrot i Møre og Romsdal.

Krasj på krasj

Det var altså i mars i fjor at dei tre la ut på heisatur. På veg frå Vik til Hella varsla to vitne politiet om det dei meinte var promillekøyring. Mannen i 20-åra vart også peika ut som bilførar.

Gjengen vart stogga på Hella og mannen identifiserte seg då med broren sitt førarkort. Blodprøve viste ein påverknadsgrad tilsvarande 1,2 i promille.

Seinare same kveld stal dei ein ny bil i Sogndal. Tjuveriet både starta og enda med ein krasj. Då på veg mot ferjekaien på Mannheller.

Ikkje første gang

Sogn tingrett såg straffeskjerpande på at mannen tre gonger tidlegare, sist i 2012, er dømd for bilbrukstjuveri. Retten la vekt på at mannen ved å køyre i ruspåverka tilstand var til stor fare for andre trafikantar.

Det var også strafferskjerpande at mannen gjorde seg skuldig i tilsvarande handling som han tidlegare på dag var stogga for.

Mannen i 20-åra hadde ikkje førarkort på bil, og fekk i Sogn tingrett sperrefrist på fire år for å ta denne. Til frådrag i fengselsstraffa, kjem også to dagar i varetekt. Han må også betale 16.821 kroner i erstatning til eigaren av bilen dei stal i Sogndal.