NRK Meny
Normal

Hovudmann i dopsak må i retten att

Påtalemakta kravde ein million kroner i inndraging, men enda opp med 600 000 kroner. No må sunnfjordingen gjennom ei ny runde i retten.

Domen frå Bergen tingrett er no anka inn for Gulating lagmannsrett, og skal opp til våren.

- Vi har anka domen fordi vi meiner tingretten har drege inn altfor liten del av utbyte som domfelte har hatt for sine kriminelle handlingar, seier statsadvokat Magne Nyborg.

Kravde 1 million

Sunnfjordingen i 20-åra er av politiet rekna som hovudmann i den store dop- og narkotikasaka som vart rulla opp i fjor. Påtalemakta la ned påstand om inndraging av ein million kroner som dei meinte at han hadde tent på verksemda si.

Tingretten kunne ikkje sjå vekk ifrå at påstanden stemde, men meinte det var eit for høgt krav sett i lys av alderen hans. I innkrevjingsspørsmålet enda tingretten på 600 000 kroner.

Fekk 400 000 i avslag

Statsadvokaten er ikkje nøgd med at sunnfjordingen fekk ein rabatt på 400 000 kroner i inndraging. Mannen fekk også eit halvt år mindre fengselsstraff enn påstanden på fem år.

- Det er viktig å få drege inn så mykje som mogleg, fordi straffbare handlingar ikkje skal lønne seg. Det er eit uttala mål at ein skal fokusere meir på inndraging av utbyte, seier Nyborg.

Skuffa og overraska

Advokaten til sunnfjordingen, Jørgen Riple, er både skuffa og overraska over at inndragingsspørsmålet er anka inn for lagmannsretten. Han avviser at klienten hans tente ein million kroner på verksemda si og meiner tingretten drog inn pengar frå omsetnaden til mannen.

- Til frådrag i omsetnaden kjem kostnadar som min klient hadde. Så ein ting er sikkert, han har ikkje tent ein million kroner. Han har tapt store pengar på verksemda, seier Riple.

Pressekonferanse på Sunnfjord hotell
Den nye regjeringa vurderer å kvitte seg med odelslova. Det kjem ikkje på tale, svarer bøndene.
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.