26-åringen frå Vadheim starta både mot Aserbajdsjan, Bulgaria og Kroatia. Det har resultert i null baklengs – og sju av ni moglege poeng.
Med siger mot Malta i kveld, og tap for Kroatia i Bulgaria er Norge klare for EM 2016 i Frankrike.
- Les også: Malta-sjefen:–Norge er for gode
– Det er ein viktig kamp som vi skal vinne, sjølvsagt, men det blir ingen walkover. Det finnast ingen enkle kampar, og Malta har garantert lyst til å lage problem for oss dei også, seier Even Hovland til fotballforbundet sine heimesider.
Trur på EM
Vaimingen var berre 11 år då Norge starta EM 2000 med å slå Spania, og vart slått ut i puljespelet etter tap for både Rest-Jugoslavia og Slovenia. Neste år kan han sjølv vere med og forsvare dei norske fargane.
- Les også: Sjekk denne oppturen for Even Hovland
Til fotballforbundet seier han at han har trua på at det kan gå. Sjølv om Italia ventar i siste kamp.
– Ja, eg både håpar og trur det. Med den innsatsen og vinnarviljen vi viste sist så er alt mogleg. Vi har i alle fall alle tiders moglegheit, og det er opp til oss sjølve å prestere no i avslutninga, seier han.
Norges lag: Ørjan Håskjold Nyland, Omar Elabdellaoui, Even Hovland, Vegard Forren, Haitam Aleesami, Per Ciljan Skjelbred, Alexander Tettey, Stefan Johansen, Jo Inge Berget, Markus Henriksen, Alexander Søderlund.
Kampen kan du anten følgje på nettsidene til NRK eller på P1.