Hopp til innhold

Hotell uti havet

VÆRLANDET (NRK): I Noregs vestlegaste øysamfunn kan du snart bu på hotell med havutsikt til alle kantar.

Hotellutihavet

HAVGAPET: på Værlandet Havhotell ser du rett i storhavet

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

– Eg trur det forrykande vêret her ute er veldig eksotisk for mange. Med eit hotell heilt i sjøkanten kan ein verkeleg få oppleve det på ordentleg, seier dagleg leiar Elin Blom Vesterås i Værlandet Havhotell.

Det vert det vestlegaste hotellet i landet, men det er eit særeige hotell også på andre måtar. Alle rom skal ha eit heildekkjande vindauge med utsikt rett i storhavet, og ved mykje vind vil bølgjene kom nesten heilt opp i hotellveggen.

utsikt2

KAN BLÅSE OPP: ved sterk vind kjem bølgjene ganske nærme hotellet

Foto: Aleksander Åsnes / NRK
Værlandet Havhotell

FRÅ SJØEN: Værlandet Havhotell ligg heilt ved sjøen og opnar dørene om kort tid.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Så har også hotellet mykje å bevise, for reiseavstanden vil for dei aller fleste vere lang. Kommunesenteret Askvoll er over ein time med båt unna, og Førde er endå ein time derifrå.

– Eg trur vi har noko heilt særeige å syne fram her ute. Og i lag med Bulandet utgjer vi eit øysamfunn som faktisk kan by på veldig mykje forskjellig. Vi har mykje turistar allereie, og tilbakemeldingane vi får er at tilbodet her ute er variert.

utsikt frå havhotellet

UTSIKT: Sjå utsikta ifrå havhotellet. (FOTO: ODDLEIF LØSET/NRK)

Eit isolert øysamfunn

Vesterås trur litt av forklaringa på at det er så mykje som skjer i Værlandet er at øysamfunnet er så isolert at dei ikkje har noko anna val enn å få ting til å skje sjølve.

Elin

NØGD: Elin Blom Vesterås håpar og trur at alt skal vere klar til den stor opninga

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

– For oss som bur her ute er det ikkje noko alternativ å reise inn til Askvoll eller Førde, så vi må rett og slett klare oss sjølv. Då vert folk innstilte på at dei lyt stille opp og bidra for å ting til å skje i lokalsamfunnet.

sagutsikt

UNDER ARBEID: saga står framleis i hotellveggen, men arbeidet nærmar seg slutten

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Håpar på stormturistar

Værlandet Havhotell

NAUSTET: Denne leiligheita har truleg den flottaste utsikta.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Vesterås håpar at det nye hotellet skal klare å trekke til seglitt ny type turistar, nemleg det som vert kalla for stormturistar.

– Stormturistar er rett og slett folk som jaktar på styggevêr. Dei vil ha storm og orkan, og gjerne så kraftig som det er mogleg å finne. Og så vil dei helst kome heilt tett på. Eg kan ikkje tenkje meg nokon betre plass å leite etter slikt ver enn her ute.