Hopp til innhold

Har halde ope i 123 år, men no må turistar snu i døra

Godt ut i sommarsesongen har Hotel Mundal i Fjærland enno ikkje opna. Turistar opplever å få kansellert opphaldet på kort varsel.

Hotel Mundal i Fjærland

STENGT: Berre to verdskrigar har stengt Hotel Mundal i hotellet si 123 år lange historie. I år set økonomiske problem ein mellombels stopp for opning.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Då vi kome fram til hotellet fekk vi beskjed om at det ikkje skulle opne. Dei hadde sendt oss epost dagen før om det, seier ein frustrert amerikanske turist utanfor dørene til det historiske hotellet i Fjærland.

Ein og ein halv månad etter vanleg opning er det få teikn til drift ved det historiske hotellet som har halde på 123 år, berre avbrote av to verdskrigar. Denne sommaren er det økonomiske problem som set ein stoppar for opning.

Alt er klart, men pengane manglar

– Det er litt kapital som skal på plass, vi håpar kvar einaste dag at vi kan opne dagen etter, seier Stig Øystein Schmidt, som er leigd inn for å hjelpe til med opninga av hotellet.

Hotellet har det meste på plass for å ta i mot turistane, og ventar difor i det lengste med å sende ut melding om at bookinga må avlysast. Han beklagar at turistar opplever å måtte snu i døra.

– Dessverre hadde dei ikkje motteke meldinga, og då kjem dei hit og blir skuffa. Det er forståeleg, og det er frustrerande både for dei og oss. Alt er klart ved hotellet, vatnet er klart, sprinkelanlegget er klart, romma er klare og personalet er også klare. Og bygda er klare for at hotellet skal opne, seier Schmidt.

Tilsette ved Hotel Mundal i Fjærland er klare for opning, men den let vente på seg.

KLARE: Dei tilsette ved hotellet i Fjærland har gjort klart hotellet for opning, men når pengane framleis manglar, let ei opning vente på seg. Frå venstre, direktør Peter Feldchen og tilsett Stig Øystein Schmidt.

Foto: Eirik Hildal

Mange år med økonomisk trøbbel

Hotellet vart kjøpt opp av Rolf Wikborg i 2008. Gjennom selskapet Mountain Fjord hadde han store visjonar for åtte hotell i fylket. Men satsinga vart eit økonomisk mareritt. I 2012 fortalde NRK at selskapet hadde meir enn tjue innkassosaker hengande over seg.

Gjennom si lange historie har mang ein turist funne krypinn i den idylliske bygda inst i Fjærlandsfjorden. Her har visepresidentar, kongar, dronningar og Arne Ness budd. Kor tid dei første turistane kan legge seg i dei historiske sengene denne sommaren er framleis uklart.

Denne sommaren er det ekstra vanskeleg og frustrerande i sognebygda, for dei tilsette sit berre og ventar på beskjed frå eigaren om at pengane er på plass. Og det er fleire som er ventar utolmodig på at dørene skal opne ved det særprega hotellet.

Turistane undrar seg over stengt hotell

– Det er forferdeleg synd, for i Fjærland er alle avhengige av kvarandre, og vi dreg folk til kvarandre. Nokon har høyrt om Brevasshytta, nokon om hotellet, museet eller bokbyen. Vi skapar kvarandre gode, seier Jo Marius Bøyum, som saman med mor si driv familieverksemda Brevasshytta.

Der kjem tusenvis av turistar innom dørene kvart på, og sesongen er allereie godt i gang. Bøyum fortel at dei får spørsmål frå turistane om kva som skjer med hotellet.

– Det har kome folk som har vore i Fjærland for 20 år sidan, som budde på hotellet på bryllaupsreise. Dei lurer på kvifor det ikkje er opna. Skal dei få totalopplevinga tilbake, så må dei få sjå hotellet. Det kan ikkje vere ein sommar i Fjærland utan at hotellet er ope, seier han.

Ved Brevasshytta i Fjærland ventar Jo Marius Bøyum og turistane på at Hotel Mundal i Fjærland opnar.

VENTAR: Turistsesongen er allereie i gong ved Brevasshytta i Fjærland. Jo Marius Bøyum opplever at turistane som er komne til bygda lurer på kvifor Hotel Mundal ikkje har ope.

Foto: Eirik Hildal

Også ved Norsk Bremuseum håpar dei at hotellet snart kryr av turistar.

– Det er perla og fyrtårnet i bygda, og vi er forferdeleg glad i det her i bygda. Her, som i alle andre bygder i fylket, så heng ting tett saman. Dersom ein slit, så merkar alle det, og har nokon suksess, så merkar alle det også. Så vi er spente på kva som skjer, seier direktør John Brekke.

Opning framleis i det blå

Laurdag er det duka for boknatt i bygda. Då kjem fleire hundre til Fjærland for å delta, og turistane treng overnatting. For hotellet pleier det også å vere ei økonomisk viktig hending.

– Boknatta er ei av dei store greiene som skjer her. Vi treng dei nettene som gjev pengar for å overleve, seier hotelldirektør Peter Feldchen.

Sjølv om alt er klappa og klart til storinnrykk av turistar frå fjern og nær, så er det framleis uklart kor tid dørene kan opne. Dei tilsette håpar det skjer snarast.

– Det er vanskeleg å seie, vi kan ikkje gje eit godt svar på om det skjer i morgon eller dagen etter, men vi håpar i det lengste, seier Schmidt.

Skal drifta kome i gang må investorar bla opp pengar, og framleis er det uklart om ein har lukkast.

– På det noverande tidspunkt kan eg ikkje seie anna enn at vi gjer det vi kan for å få opna hotellet i løpet av kort tid, skriv eigar Rolf Wikborg i ein epost til NRK.