Hopp til innhold

Hornindal blir historisk NM-arrangør

Hornindal Rundt får æra av å vere den aller, aller første arrangøren av NM i terrengultra. – Vi fekk vite det i går. Dette var utruleg kjekt, strålar Svein Otto Espe.

Svein Otto Espe på Gulekoppen

NM: Hornindal Rundt blir tidenes første arrangør av eit NM-ultraterrengløp. – Dette blir utruleg kjekt, strålar Svein Otto Espe.

Foto: Hornindal Rundt

NM i ultraløp fekk sitt første NM i 2008, då Helge Hafsås (Olden) sikra seg tittelen på 100 km.

Til neste år kjem også NM terrengultra inn som årleg NM-arrangement. Med Hornindal Rundt som arrangement.

– Dette får oss til å tenkje at vi har gjort veldig mykje rett i Hornindal når det gjeld løpet. Merking, trasé, alt mannskap som stiller på i forkant og underkant med kontrollørar og tryggleik. Eigentleg alt som har med løpet, seier Svein Otto Espe i arrangørstaben.

Eksplosiv auke

Etter det han kjenner til melde fem søkjarar seg, blant anna Telemarks tøffaste som er tufta på arrangementet i Hornindal.

Av to søkjarar som utmerka seg, trekte Hornindal det lengste strået. Han legg til dei allereie har full kontroll på løypa, gps-sporing og mannskap.

Mykje snø i Hornindal

FEKK DET TIL: Mykje snø skapte ekstra hovudbry for arrangørane av Hornindal Rundt i sommar. – Men vi viste vel då at vi tek utfordringane på strak arm og får til det meste, seier Svein Otto Espe.

Foto: Hornindal Rundt

– Dette ville vi ha, og alt ligg til rette for at vi skal få eit kanonflott NM. Det å kåre noregsmeisteren i Hornindal, både på herre- og kvinnesida, blir stort, seier Espe.

Eksplosiv auke

Terrengultra er det siste nye, og interessa må seiast å ha vore eksplosiv dei siste åra. For ein skal ikkje lenger tilbake enn til 2009 for å finne det første løpet i landet. To år etter dukka arrangøren av neste års NM opp i terminlista.

Fjorårets rekord på 1 500 deltakarar gjennom sesongen, har i å vakse til det dobbelte.

– Alle dei beste har allereie vore her og sprunge i Hornindal. Og vi har sett tider som er nesten umenneskelege, både på herre- og kvinnesida. No risikerer vi altså at alle desse stiller på startstreken saman i eitt og same løp. Det blir beinhard konkurranse i fjella rundt Hornindal. Det gler vi oss stort til, held Espe fram.

75 km og 5 600 høgdemeter

Hornindal Rundt vert rekna som «Norges tøffaste fjelløp». Ultrafjelløpet går over 75 kilometer og har ei total stigning på 5 600 meter og var for to år sidan eit uoffisielt NM.

Høgdeprofilen til Hornindal Rundt

HØGDEPROFIL: Det er ei krevjande løype som ventar på deltakarane i det første offisielle NM-terrengultra.

Foto: Hornindal Rundt

I år stilte 308 deltakarar på startstreken – ti færre enn i fjor. Espe reknar med å bryte den magiske 400-grensa når NM-deltakarane kjem til bygda 9. juli neste år.

– Det ser eg på som realistisk. Å bryne seg på Norges tøffaste fjelløp er slikt som triggar konkurranseinstinktet, avsluttar han.