Hopp til innhold

Høgre-topp på glattisen i håp om førarkort

JØLSTER (NRK): Godt humør, sjølvironi og mykje ratting – slik gjekk det då Askvoll-ordførar Frida Melvær (H) tok nye steg mot førarkortet.

Askvoll-ordførar Frida Melvær på glattkøyringsbana

SPENT: Frida Melvær grua seg til glattkøyring, men hadde det likevel morro.

Foto: Stian Sjursen Takle / NRK

– Det kitlar litt i rallygenet når ein får god skrens og likevel klarer å ta kontroll på bilen, gliser Frida Melvær når ho både klarer å styre unna figurane og unngå grøfta.

Med seg på laget i ferda mot førarkortet har ho køyrelærar Tore Kirketeig. Han vil helst at det ikkje skal bli for kjekt.

– No er det rallygenet vi er redde for. Det er kjekt å lære gjennom opplevingar, men blir det for artig kan vi skape farlege verdsmeistrar. Det vil vi unngå, svarar køyrelærar Tore Kirketeig.

Melvær tar det heile med stor ro. Ifølge ho sjølv kjem ho aldri til å verte noko fartsmonster.

– Eg kan no aldri tenkje meg at han trur eg blir rallysjåfør. Går det over 40 kilometer i timen, tykkjer eg det går veldig fort.

Førarkortet klart til valkampen

Høgre-ordføraren kvidde seg lenge til glattkøyring, men visste at dette var noko ho måtte gjere for å stå øvst på Høgre si stortingsvalliste i haust. Skal ein drive valkamp i Sogn og Fjordane, så er det ein fordel å komme seg lett rundt for å møte veljarane.

Smilande Frida Melvær

SKAL TA FØRARKORTET FØR VALKAMPEN: Høgre-toppen i fylket vil ha førarkortet til valkampen.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Det var eit lite ultimatum at eg måtte ta lappen for å vere aktiv i heile fylket. Utan det presset ville eg truleg ikkje gjort det, seier ho.

Melvær har stort sett brukt buss for å komme seg rundt i fylket. Det gjer at ho etter kvart kjenner godt til rutetidene, men buss under valkampen ser ho heller mørkt på.

– Eg hadde nok ikkje nådd veldig langt om eg skulle basere meg på buss. Vi har ikkje så verst kollektivtilbod, men det er håplaust å tru at ein skal komme seg rundt med buss over heile fylket.

Som ivrig busspassasjer vil Askvoll-ordføraren fortsette med å slå eit slag for kollektivtrafikk for alle.

– Utkantane taper i kampen om midlane til kollektiv, då ressursane går til tettbygde strok. Det heng naturlegvis saman med færre som tek buss, men det er avgjerande å ha eit minstetilbod, seier Melvær.

Her kan du høyre reportasjen frå glattkøyringa:

Den rosa lappen som del av ein større plan

Etter første køyretime skalv Melvær i fleire timar etterpå. Under glattkøyringa er det skrens, frydefulle hyl, full brems og litt kveling av bilen.

– Dette går veldig bra. Ho får kjenne på egne instinkt som kan redde ho, eller slå feil, seier køyrelærar Kirketeig.

Det neste på planen er bykøyring i Bergen.

– Det kan eg ikkje seie at eg gler meg til. Store byar, stor trafikk og fleire felt. Eg kan ha tendensar til å stresse når det blir mykje på ein gang. Men eg skal gjennom det, seier ho.

Den rosa lappen er ein del av ein større plan for Melvær.

– Målet er det heilage middelet – dette er middelet for å komme til Oslo og Stortinget, seier Melvær.

Glattkøyring

BESTÅTT GLATTKØYRING: Frida Melvær er eitt steg nærare den rosa lappen.

Foto: STIAN SJURSEN TAKLE / NRK