Hopp til innhold

Mistar fleirtalet i Flora etter protestutmelding

Høgre har mista fleirtalet i Flora bystyre etter at Hilmar Eliasson meldte seg ut av partiet i protest. Gruppeleiar Hanne Husebø Kristensen tykkjer det er synd.

Hanne Husebø Kristensen og Hilmar Eliasson

MELDE SEG UT: Hilmar Eliasson (til høgre) melde seg ut av Flora Høgre. Det tykkjer gruppeleiar Hanne Husebø Kristensen er synd.

Foto: Privat/Erlend Blaalid Oldeide

– Det er veldig beklageleg og vi skulle sjølvsagt vore utan dette. Men det er eit val dei som har meldt seg ut, har kome til. Det må vi respektere, seier Kristensen.

Fredag sa bystyrerepresentant og mangeårig styremedlem i Flora Høgre, Hilmar Eliasson, takk for farvel til heile partiet. Han har støtta omstridde Jacob Nødseth, og meiner han difor vart vraka frå styret i vinter.

– For meg blir det ei lette å komme vekk frå den støyen som har vore. No er det eit tilbakelagt stadium som eg er ferdig med. Som uavhengig vil eg jobbe med dei politiske sakene som er i bystyret.

Fleire må snakke saman

Gruppeleiar Hanne Husebø Kristensen seier den teoretiske konsekvensen er at Høgre og Venstre ikkje lenger har fleirtal saman.

– Blir det meir krevjande å prøve å sikre fleirtal frå sak til sak?

– Det blir meir praktisk arbeid og vi er fleire som må snakke saman, men det gjer vi uansett.

Arve Mjømen

BEKLAGAR UTMELDINGA: Fylkesleiar Arve Mjømen tykkjer det er synd at folk vel utmedlding.

Foto: Høgre

For i praksis trur gruppeleiaren at ho skal kunne samarbeide både med Eliasson og dei andre partia frå sak til sak. Fylkesleiar Arve Mjømen beklagar utmeldinga.

– Eg tykkjer det er veldig synd at nokre vel utmelding, men det er eit val ein gjer.

Trur dei vil ordne opp sjølv

Bjørn Lødemel har som fylkesleiar mekla i Flora tidlegare. Som stortingsrepresentant trur han lokallaget vil ordne opp sjølv.

– Eg har veldig tru til at Flora Høgre kan handtere dette sjølv. Eg har stor respekt for det arbeidet som blir gjort i partiet der.

Lokallagsleiar Vidar Grønnevik vil ikkje kommentere saka.