Hopp til innhold

Høgre vann valet i Flora - no kan dei ende opp med ingenting

Sjølv om Høgre vart den store valvinnaren i Flora, kan dei no ende opp med ingenting. Dei nektar nemleg å gje Venstre ordførarposisjonen.

Bengt Solheim Olsen

BLIR HAN ORDFØRAR: Bengt Solheim-Olsen vil bli ordførar for Høgre. Men Venstre stiller no krav dersom dei skal vere med på noko samarbeid.

Foto: Truls Kleiven

Det er duka for særs tøffe og spennande forhandlingar om ordførarvervet i Flora. Høgre vart den store valvinnaren, men er berre nokre få prosentpoeng større en Arbeidarpartiet og sitjande ordførar Bente Frøyen Steindal.

Venstre sit med den politiske jokeren i Flora. Det partiet som vil ha makta må nemleg ha støtte frå dei. Og kravet frå Venstre er ikkje lite.

– Vi skal ha ordføraren, seier toppkandidat for Venstre, Jan Henrik Nygård til NRK.no.

Må samarbeide med Venstre

Høgre gjorde eit brakval i kystkommunen. Med ein framgang på 18,6 prosentpoeng fekk partiet 35, 6 prosentpoeng av stemmene og vart største parti. Men like bak følgjer Arbeidarpartiet med 32,7 prosentpoeng av stemmene.

Jokeren Venstre har i underkant av 15 prosentpoeng oppslutnad og står no med gode kort før forhandlingane om kven som skal smykke seg med ordførarkjeda i Flora.

– Hovudkravet vårt er at Venstre skal ha ordføraren. Det partiet som vil ha støtte frå oss, og såleis få fleirtal, må gje oss det vervet, seier Nygård.

(Artikkelen held fram under biletet)

Jan Henrik Nygård

JOKER: Jan Henrik Nygård og Venstre stiller krav. Dei skal ha ordføraren i Flora dei neste fire åra.

Foto: Cecilia Molander

Høgre: – Heilt uaktuelt

Men valvinnar Bengt Solheim-Olsen har ikkje tenkt å gje noko ordførarkjede ved dørene. Han avviser blankt kravet frå Venstre som dei siste fira åra har hatt varaordføraren.

– Vi går i forhandlingar for å skape eit politisk fleirtal som går for ein meir offensiv politikk for kommunen. Det er sjølvsagt heilt naturleg at den store valvinnaren i Flora, nemleg Høgre, skal ha ordførarvervet, seier Solheim-Olsen til NRK.no.

Han seier Høgre vil vere rause i forhandlingane, men held fram at det er heilt uaktuelt å forhandle om kven som skal ha ordførarposisjonen.

Kan risikere å stå att utan noko

Det er då sjølvsagt mogleg at Venstre går til Arbeidarpartiet med same krav og vinn fram, men Solheim-Olsen håpar Venstre vel Høgre.

– Venstre har styrt saman med Ap i fire år allereie. Det har ført til store økonomiske problem og lite framgang. Eg håpar Venstre hoppar på eit lag som skal få fart på kommunen framover, seier Solheim-Olsen.

– Men kan dokke risikere å stå att utan noko dersom Venstre og Ap inngår samarbeid?

– Det er alltid ein fare for det. Vi går for å sikre oss ordførarvervet. Vi håpar fleire parti ønskjer å skape ein politikk som gir oss ei spennande framtid og ikkje tilbakegang slik vi har opplevd til no, seier Solheim-Olsen.

Forhandlingane startar i ettermiddag

Nygård har fått same svaret når han har presentert Venstre sin krav for Høgre. Han vil likevel halde godt fast på kravet om ordførarposisjonen når dei går inn i forhandlingar med Høgre og Ap onsdag ettermiddag.

– Vi har alle dei småpartia i Flora i ryggen når vi krev ordføraren. Skal vi få reell innverknad, så må vi ha ordføraren, seier Nygård og legg til:

– Det er eit ufråvikeleg krav frå vår side.

Det har førebels ikkje lukkast NRK å få noko kommentar frå sitjande Ap-ordførar Bente Frøyen Steindal om krava til Venstre.