Hopp til innhold

Florø-ordføraren vil halde fram, men blir utfordra frå fleire kandidatar

Flora-ordførar Bente Frøyen Steindal (Ap) stiller på igjen, men ordførarvalet i Flora blir spennande.

Florø
Foto: Ottar Starheim / NRK

Bente Frøyen Steindal (Ap) ønskjer å halde fram som ordførar i Flora, men ho blir kraftig utfordra frå fleire hald.

Sterkaste utfordrar er Høgre sin mann, Bengt Solheim Olsen, men både sitjande varaordførar Jan Henrik Nygård (V), Frank Willy Djuvik (Frp) som nett har flytta tilbake til heimbyen etter nokre år i utlendigheit i Førde, og kanskje også KrF sin nye mann Gustav Johan Nydal, nyleg heimvend som direktør for STX-verftet i Florø – er namn som vil dukke opp i ordførardiskusjonen dersom valresultatet tilseier at det blir nokon diskusjon.

Høgre-offensiv

Høgre i Flora har bak seg ei turbulent historie gjennom fleire år, men siste tida har dei langt på veg greidd å halde fred i eigne rekkjer og heller brukt energi på kritikk av Ap, og spesielt av ordføraren.

Unge Jakob Nødseth (H) har vore ein "klegg" for Frøyen Steindal og kritisert henne så snart han har funne ein sjanse. Spenninga er korleis veljarane no reagerer.

Bengt Solheim Olsen er for veteran å rekne, og sa først nei til å stille som ordførarkandidat, men let seg overtale.

Venstre avgjer?

I dag sit Bente Frøyen Steindal som ordførar mellom anna ved hjelp av V, KrF og Sp. I det politiske miljøet blir Venstre peika på som joker i ordførarvalet. Mange ser for seg at dei vil verte på vippen og avgjere.

Elles har Djuvik (Frp) sagt klart frå om at Høgre ikkje automatisk kan rekne med støtte frå Frp. Erfaringa frå Djuvik si tid som bystyremedlem i Førde, viser at han søker makt der makt er å finne, uavhengig av politisk farge.

Kva med Knut Andor?

Ved valet for fire år sidan dukka lista: Flora Demokratiske Solidaritet opp. Dei skreiv i programmet sitt at dei " ... ville tale taparane i samfunnet si sak, vere eit talerøyr for den heimlause, nedkøyrde alkoholismen – for kriminelle, narkomane, sjuke, unge og gamle."

Listetopp var Knut Andor Nesse – kjend for mange i Florø by. Partiet fekk over 3 prosent av stemmene og Knut Andor Nesse kom inn i bystyret.

I år stiller lista på nytt, med Nesse som listetopp. Spenninga er om partiet greier å følgje opp suksessen frå sist val.

Dei andre listetoppane er Ole Kristian Rynning (SP) og Bente Halvorsen (SV)

Robek-kommune

For fire år sidan presenterte vi i NRK Flora på denne måten:

"I Flora er den store politiske utfordringa å få økonomien på rett kjøl – få kontroll med pengebruken og få kommunen ut av Robek-statusen som betyr at dei ikkje får ta op nye lån utan statleg godkjenning."

Rett før dette valet kom Flora igjen inn på Robek-lista til fylkesmannen. Hovudutfordringa for alle politikarar i Flora etter valet, blir difor å få økonomien på fote igjen, samstundes som dei skal makte nye utfordringar m.a. innan eldreomsorg og næringsutvikling.

Flora - kommuneval

 

Ap

SV

SP

KrF

V

H

FrP

FDS

1995

40,8

7,4

6,7

7,4

14,7

23,0

 

 

1999

44,1

8,0

4,9

7,0

11,9

19,1

4,9

 

2003

37,8

11,6

5,7

5,1

12,9

17,6

9,2

 

2007

35,8

7,8

4,9

4,2

13,9

16,9

13,9

3,1